22.000 over kyrkjedørstokken i 2017
Mange av aktivitetane til Hareid sokn skjer i kyrkja, som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året. I 2017 var det om lag 22 000 som gjekk over kyrkjedørstokken, noko som i gjennomsnitt utgjer om lag 1800 kvar månad. Talet er ikkje enkeltpersonar, men kvar gong ein person har besøkt kyrkja i høve arrangement. Dette fortel at arbeidet i kyrkja femner vidt.
Årsmøte og dialog med kyrkjelyden
Ordninga med årsmøte/kyrkjelydsmøte har eksistert heilt sidan 1873, altså godt over eit halvt hundreår før vi fekk sokneråd. Føremålet er at ein samla kyrkjelyd, gjennom eit allmøte skal kunne uttale seg om viktige saker.
Kvart år, dei siste åra i mars månad, har det vore årsmøte i Hareid sokn. Hovudsak på møtet har vore soknerådets årsmelding og rekneskap for førre år, som vert presentert for årsmøtet til orientering.
Her finn dykk årsmelding 2017 for Hareid sokn, side 2 inneheld årsmøtesaker:
https://kyrkja.no/globalassets/fellesrad/hareid/dokumenter/arsmote/arsmelding-hareid-sokn-2017.pdf
Alle er hjarteleg velkomne!