Bispevisitas i Hareid 25/2 - 1/3

I veke 9, 25. februar - 1. mars blir det visitas på Hareid, då får vi besøk av biskop Ingeborg Midttømme. Ho skal ta del på program gjennom veka som skal vise breidda av arbeidet i soknet vårt, aktiviteter og kontaktar som kyrkja har i lokalsamfunnet.

Bispevisitas i Hareid 25/2 - 1/3

Alle kan ta del på dei opne arrangementa under bispevisitas, og desse er som følger:

25/2 kl 0900-0930: Morgonbøn i kyrkja.
26/2 kl 1800-1930: Møte med frivillige (kyrkjelydshuset)
26/2 kl 2000-2130: Oskeonsdags-gudsteneste i kyrkja, der Grimstadkoret, Jenny Helen Korsnes og Anvor Sukka tek del, saman med biskop og kyrkjelydspedagog.
27/2 kl 1100-1230: Eldretreff og babysong på Hadartun.
27/2 kl 1900-2100: Kyrkjeakademiet inviterer til temakveld. Erlend Friestad vil han ein samtale med biskopen i kyrkja. Mat og kaffi i starten.

Pause på fredag og laurdag.

1/3 kl 1100: Gudsteneste i kyrkja med sokneprest, biskop og eit nyoppretta prosjekt-kor.
1/3 kl 1215: Kyrkjekaffi (kyrkjelydshuset) Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi med visitasforedrag på kyrkjelydshuset. Der vil biskopen oppsummere og gi tilbakemeldingar på Hareid sokn sitt arbeid, på bakgrunn av det som ho har opplevd gjennom visitasperioden og visitasmeldinga.

Biskopen var sist på visitas i Hareid i 2011, og mykje har skjedd sidan den tid. Formålet med bispevisitas er å sjå, støtte, inspirere og veileie kyrkjelyden og dei tilsette, og vere med å gjere kyrkja synleg i lokalsamfunnet.
Vi gleder oss og håper nettopp DU kjem på desse opne arrangementa slik at biskop kan få møte flest mogleg av menneska i lokalsamfunnet vårt.

Vi ønskjer biskopen velkomen til Hareid! 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"