Bøn før gudstenestane i Hareid kyrkje

Vil du vere med på laget og ta del på bøn i Hareid kyrkje før gudstenestane? Når vi ber skjer det ting, og når vi ber saman og det er enighet om kva vi ber om – gjev det eit felleskap som er godt å ta del i. Kvar søndag når det er gudsteneste i Hareid kyrkje, kan du vere med på ei fin bønestund i fellesskap med andre kl 10.00-10.25, i dåpssakristiet i kyrkja. Etterpå kan du ta del på gudstenesta om du ønskjer det.

Bøn før gudstenestane i Hareid kyrkje

Denne stunda vert leia av fire personar på omgang, desse er Ole-Markus Pilskog, Irene Follestad Rise, Alfred og Catherine Duweh. Her kan du ta del på felles bøn, be høgt eller stilt inni deg - det velger du sjølv.

Etterpå kan du ta del på gudstenesta om du ønskjer det - som er vårt kristne fellesskap, der vi samlar oss rundt trua på Gud og Jesu Kristi oppstode – på tvers av alder, kunnskap og posisjon. Her kan vi alle kome som vi er og få og ta imot av det Gud vil gi oss. Lokalsamfunnet vårt er mangfaldig, noko som er ei velsigning for både kyrkja og heile Hareid. Dette mangfaldet kan vi og sjå gjennom gudstenestane våre som kan ha ulike former og uttrykk. Nokre er spesielt retta mot barn, og nokre er retta mot ungdom eller vaksne.
Fellesskapet kring gudstenestane og behov for å kome saman inn for Guds velsigning, styrkjer både den einskilde og kyrkjelyden.

Kven ber vi for?
Saman kan vi be for kvarandre, for borna våre, for dei som ikkje kjenner Jesus, for dei som har det vondt, for institusjonane og for meir kjærleik. Du kan rett og slett be for det som du har på hjartet ditt.

Vi legger gudstenesta, trusopplæringa, Hareid og omegn, landet vårt og verda i Gud sine hender. Gud ønsker eit samarbeid med oss og seier at vi skal få, eller det skal skje, det vi ber om når det er etter hans vilje. 

Derfor møtast vi i fellesskap til bøn klokka 10 kvar søndag det er gudsteneste i Hareid kyrkje. Det vert lagt opp til at ein kan be i det stille eller at ein kan be høgt om ein vil det. Her kan alle som vil kome, og du bestemmer sjølv korleis du ber.
Velkomen til ei uforpliktande stund med bøn saman.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"