Det er Bucci Arkitektur og Design som har hatt ansvaret for design og prosjektering av kyrkjekontoret. Prosjektet blei utlyst som offentleg anbod, der HS Rise Bygg AS fekk tildelinga av prosjektet. Før tomta klargjerast for byggestart, lagast ny veg mellom kyrkjelydshuset og rådhuset. Her vil det og kome fleire parkeringsplassar inntil nybygget, alt blir universelt tilpassa.
Det nye kyrkjekontoret får delvis glassfasade utvendig og eit felles takoverbygd inngangsparti saman med eksisterande bygning. Inne blir det ein liten foaje, prestekontor/samtalerom, kontorplassar for dei tilsette, møte/lunchrom, kopirom, toalett og garderobe. Frå kontora kan ein også gå ein snarveg inn til kyrkjelydshuset. Det blir totalt sett eit etterlengta løft når både kyrkjekontor og eksisterande fleirbrukshus kjem under same tak. Hareid Frivilligsentral eigast og drivast av Hareid sokn, skal ha kontor i nybygget, og det er ein fordel med kort veg inn til sentralen sitt aktivitetsrom i den gamle peisestova på kyrkjelydshuset.
Resultatet av dette byggeprosjektet kjem etter tett samhandling mellom eigedomsavdelinga i Hareid kommune v/prosjektleiar Per Erik Strandkleiv og Paul Arne Ulstein, og soknet si byggenemd beståande av Leidulv Hareide, Torgeir Ringstad, Aina Giskeødegård Balsnes, Stein Karstensen (soknerådet) og kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog. Dei tre førstnemnde i byggenemnda bidreg på frivillig basis.
Kyrkjekontoret og kyrkjelydshuset ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet. Hareid sokn er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og med kontor og kyrkjelydshus under same tak og opne dører store deler av døgnet - får vi treffpunkt og ein møteplass open for alle, noko som og bidreg til å skape eit meir levande sentrum.
FAKTA:
·Hareid KFUK/M og Indremisjonen gav huset som vederlagsfri gåve til soknet, slik at soknet kunne drifte huset.
·Tilbygget lånefinansierast og skal dekkast av Hareid sokn, tilsvarande dagens leigetakst for kyrkjekontor.
·Prosjektleiing v/eigedomsavdelinga til Hareid kommune.
·Hareid sokn blir eigar av både kyrkjekontoret og kyrkjelydshuset.