Corona - informasjon

Monge er usikre på om det er greitt eller lov å samlast i kyrkja i høve det nye coronaviruset. Sokna i søre Sunnmøre gjer sine tiltak for å minimere smittefare, mange tiltak blir avlyst eller utsatt.

Corona - informasjon

Oppdatert: 12.03.2020
Som ein del av våre tiltak for å minske smittefare, har vi antibac synleg og tilgjengeleg både i kyrkja og på kyrkjelydshuset. Folkehelseinstituttet ber alle om å unngå handhelsing/kroppskontakt og vi vil difor helse og vise vennlegheit på andre måtar. Vi ønskjer å ta vårt ansvar for å minske smittefare og vil be alle andre også om å ta ekstra omsyn. Det er ei krevjande tid for mange. Vi ber om kraft, visdom og styrke til å ta vare på kvarandre og oppmoder om å vise omsorg via telefon, internett og forbøn.

 

Våre rutiner ved avvikling av gudstenester, gravferd, institusjonsbesøk og trusopplæringstiltak:

Som kyrkje er vi ein aktør med ei brei kontaktflate utad. Vi følgjer folkehelseinstituttet sine råd, samt dei lokale anbefalingar frå kommunelegen, for å unngå smitte i arbeidet vårt og vi har etter biskopen sin anbefaling også teke forholdsreglar ved gudstenester og gravferder.

Generelle tiltak:
- Hengt opp plakatar frå Folkehelseinstituttet om vaner som forebygger smitte.
- Desinfeksjonsmiddel ved ankomst kyrkje og kyrkjelydshus.
- Det ligg også eingongshansker tilgjengeleg i kyrkje og kyrkjelydshus. Desse skal kunne brukast i prosessen med matlaging for tiltak der vi serverer mat.
- Dei tilsette er oppfordra om å vere nøye med håndhygiene: Vasking/desinfeksjon av hender både før og etter arrangement.
- Dei tilsette er oppfordra om å unngå handhelsing/hudkontakt mellom mennesker
- Dei tilsette er informerte om våre tiltak.
- Kyrkjeverje tek i samråd med sokneprest ei fortløpande vurdering av gjennomføring av større arrangement og eventuelle pålegg i gjennomføringa.
- Dei involverte frivillige i gjennomføring av arrangement blir informert av hovudansvarleg for arrangementet om forholdsreglane som er fastsatt.

Tiltak ved feiring av gudsteneste:
- Gudstenester bli førebels gjennomførte utan nattverd og utan kyrkjekaffi, med det antal deltakarar myndighetene og lokale anbefalingar tillater på det aktuelle tidspunktet.
-Dei tilsette og frivillige skal vaske/desinfisere hender både før og etter gudsteneste
- Kyrkjeoffer takast som vanleg rundt altertavla
- Kun digitale løysingar i høver salmer etc (ikkje utdeling av salmebøker og gudstenestehefter)
- Desinfeksjonsflasker blir satt ut i våpenhuset før gudsteneste

Tiltak ved gjennomføring av gravferd:
- Vi oppmodar dei som ikkje er i nærmaste familie, om å finne andre moglegheiter til å vise medkjensle enn å delta i gravferda.
-Ber om at ein unngår handhelsing/kroppskontakt med kvarandre, og difor helse og vise vennlegheit på andre måtar.
- Dei tilsette og frivillige skal vaske/desinfisere hender både før og etter gravferd
- Desinfeksjonsflasker blir satt ut i våpenhuset før gravferda
- Det er oppretta kontakt med dei aktuelle gravferdsbyrå og avtalt gjensidig informasjon dersom det er mistanke eller påvist koronasmitte ved dødsfall. Håndtering av konkret tilfelle skjer i samråd mellom kyrkjeverje, gravferdsbyrå og sokneprest.

Tiltak ved besøk på sjukeheim/instusjon:
- Dei tilsette/frivillige skal vaske/desinfisere hender både før og etter besøk
- Dei tilsette/frivillige skal unngå hudkontakt med bebuarane


Trusopplæringstiltak:

- Alle tiltak i trusopplæringa er avlyst, f.o.m. 12.mars og inntil vidare

Hareid Frivilligsentral:
-Hobbyklubben, seniornett og Brukt & Billig-butikken blir stengt inntil vidare, dette for å minske corona-smittefare.

Andre avlyste arrangement:
Vaffel-mandagar og onsdagsmiddagar på kyrkjelydshuset er avlyst inntil vidare.
Salmekvelden i kyrkja 18. mars er avlyst. Korøvingane for Barnekantoriet er avlyst. Andre komande arrangement kan stå i fare for å blir avlyst dersom utviklinga i høve coronavirus går i den retninga det gjer no.

Arrangement som soknet har vil bli vurdert fortløpande frå dag til dag, ting endrar seg fort. Avlysingar kan skje på kort varsel. Vi ber dykk difor om å følge med på vår heimeside hareidkyrkje.no og Facebook.

Sokneprest Lars Hartig-Tangedal, kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog

 

 

Siste nytt om korona-viruset på Hareid kommune si heimeside: https://www.hareid.kommune.no/fokusnyhende/fa-siste-nytt-om-koronaviruset-og-status-i-hareid-kommune.86158.aspx

Les meir på Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"