Ingen alder for dåp
Fleirtalet av innbyggjarane i Hareid ber fram borna sine til dåp i løpet første halve leveår. Men det er fullt mulig å kome til seinare, ungdom og vaksne kan også finne ut at dei ynskjer dåpen i livet sitt. I Hareid tilbyr vi trusopplæring 0-18 år gjennom 24 ulike tiltak årlig. Dette er ope for både døypte og udøypte, men berre dei døypte kan vi sende personlig invitasjon til sidan dåpen er inngangen til medlemskapet i den norske kyrkja.
Eiga dåpsgudsteneste
Dåpen skjer som oftast i kyrkja, i ei søndagsgudsteneste, men også her finst det unntak. Dersom ein, av ulike grunnar, ynskjer ein meir privat og lukka seremoni, kan dåpen skje etter den ordinære gudstenesta er over. Enkelte søndagar har vi gudsteneste utanom kyrkjeromet; Holesanden, Alskleiva, Ishavsmuseet, Kvitneset, Melshornet. Også i desse gudstenestene kan ein ha dåp.
Dåpskjole
Vi har den store glede av å kunne tilby dåpskjole til gratis utlån frå kyrkjekontoret! Tråd Kråa har sponsa tråden og den fantastisk flinke strikkedama, Evy Volle Pettersen, har på rekordtid strikka kjolen. Tusen hjarteleg takk! Kjolen kan lånast frå kyrkjekontoret og må stellast etter behov, før den vert returnert.
Alle er velkomne til dåp!