Dåp. Kva blir det sagt ja til?

Dåp i kyrkja. Den vesle i lang, kvit kjole blir boren opp framfor kyrkjelyden. Familie og fadrar er til stades i benkeradene. Kvifor velje dåp for den vesle? Kvifor invitere til feiring – og samle slekt og venner?

Foto: Bo Martinsen

Dåpen er ein tradisjon for mange, og ved å velje dåp gjer ein eit val om å vere ein del av ei høgtid som menneske gjennom generasjonar har teke del i. Med dåpen blir det sett ei verdig ramme rundt ei viktig hending.

Ingen alder for dåp
Fleirtalet av innbyggjarane i Hareid ber fram borna sine til dåp i løpet første halve leveår. Men det er fullt mulig å kome til seinare, ungdom og vaksne kan også finne ut at dei ynskjer dåpen i livet sitt. I Hareid tilbyr vi trusopplæring 0-18 år gjennom 24 ulike tiltak årlig. Dette er ope for både døypte og udøypte, men berre dei døypte kan vi sende personlig invitasjon til sidan dåpen er inngangen til medlemskapet i den norske kyrkja.

Eiga dåpsgudsteneste
Dåpen skjer som oftast i kyrkja, i ei søndagsgudsteneste, men også her finst det unntak. Dersom ein, av ulike grunnar, ynskjer ein meir privat og lukka seremoni, kan dåpen skje etter den ordinære gudstenesta er over. Enkelte søndagar har vi gudsteneste utanom kyrkjeromet; Holesanden, Alskleiva, Ishavsmuseet, Kvitneset, Melshornet. Også i desse gudstenestene kan ein ha dåp.

Dåpskjole
Vi har den store glede av å kunne tilby dåpskjole til utlån frå kyrkjekontoret! Tråd Kråa har sponsa tråden og den fantastisk flinke strikkedama, Evy Volle Pettersen, har på rekordtid strikka kjolen. Tusen hjarteleg takk! Kjolen kan lånast frå kyrkjekontoret og må stellast etter behov, før den vert returnert.

Men kva seier vi eigentleg ja til i dåpen? Kva handlar det heile om?

Eit felles ja
Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald.

Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om.

For kyrkja seier òg ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkja og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur.

Barnet vil jamleg få tilbod om å lære meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen.

Kyrkja seier ja til å inkludere barnet dykkar i trygge og gode aktivitetar der det blir kjent med Gud, seg sjølv og andre.

Gjennom dåpen blir vi alle ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda og gjennom alle tider. Det er ein augneblink som varer lenge. 

Kontakt oss
I Hareid kyrkjelyd tilrettelegg vi dåp nesten kvar søndag.
Ta kontakt med kyrkjekontoret/presten for å avtale dato eller for å få vite meir om dåp:
E-post: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no
Telefon 70 09 51 30
Heimeside: hareid.kyrkja.no  

Planlegging av dåp i Hareid: https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/dap1/planlegging-av-dap/?amp;amp;epslanguage=nn-NO

Her kan du melde til dåp i Hareid: https://hareid.medarbeideren.no/

Kva vil det seie å vere fadder? https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/dap1/a-vere-fadder/?amp;amp;epslanguage=nn-NO

Du kan og lese meir om dåp på kyrkja.no

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"