Det nye soknerådet i Hareid er klart etter kyrkjevalet

Soknerådet er det øvste organ i Hareid sokn og består av 8 medlemmar og 5 vara. Sokneprest er fast medlem i soknerådet, i tillegg er kyrkjeverja sekretær. Medlemmane vert valde for fire år. No som kyrkjevalet er overstått er det nye soknerådet klart, men dei skal ikkje tre i kraft før 1. november 2019.

Det nye soknerådet i Hareid er klart etter kyrkjevalet

Ved soknerådsvalet i år var det 18,3 % (590 personar) som røysta og som med dette var med på å velje følgande sokneråd for dei 4 komande åra 2019-2023:

Ant. stemmer Kandidat namn Sokneråd
781 ANN HELEN GRIMSTAD WORREN, BREKKANE, 6060 HAREID (1971) 1
764 BÅRD GRIMSTAD, HAREIDSVEGEN, 6060 HAREID (1967) 2
694 MARIT JOHANNE ØIEN SÆVERUD, REINA, 6060 HAREID (1957) 3
691 STEIN BERNHARD KARSTENSEN, BAUTEVEGEN, 6063 HJØRUNGAVÅG (1954) 4
667 HANNA ELISABETH LANGNES MOLDSKRED, HOLANE, 6060 HAREID (1975) 5
662 SISSEL SELJEBOTN, PILSKOGVEGEN, 6063 HJØRUNGAVÅG (1961) 6
650 ØYVIND GRIMSTAD, GAMLE BRANDALSVEGEN, 6060 HAREID (1970) 7
649 KRISTOFFER INDREEIDE GRIMSTAD, DRAMMENSVEGEN, 6060 HAREID (1993) 8
638 KJERSTI RØYSET TOPPHOL, HAREIDSVEGEN, 6060 HAREID (1959) 1. vara
636 GEORG FABIAN STORDAL, GEILEVEGEN, 6060 HAREID (1962) 2. vara
626 LAILA KRISTIN BJÅSTAD, GEILEHAGEN, 6060 HAREID (1980) 3. vara
625 JAHN KJELL FJØRTOFT, MELSHORNVEGEN, 6060 HAREID (1959) 4. vara
607 MARIT NORA PETTERSEN, TEIGEN, 6060 HAREID (1970) 5. vara

Soknerådet skal konstituere seg sjølv (velje leiar og nestleiar) 12. november 2019. Hareid sokn

Alle som er medlem i Den norske kyrkja og som fyller 15 år i valåret, kan stemme ved kyrkjevalet.

Av totalt 3228 personar med stemmerett i Hareid var det 20,9 %  (676 personar) som røysta ved kyrkjevalet (både soknerådsvalet og bispedømevalet tilsaman). Prosentvis fordeling på krinsane var for Hjørungavåg 24,6%, Bigset 21,3 %, Hareid 16,1 % og Brandal 15,9 %. 8 av dei som stemte var under 18 år.

2,3 % (75 personar) hadde førehandsrøysta enten på kyrkjekontoret, på Hadartun eller i høve gudsteneste.
Stemmesetlane til bispedømmet blir sendt vidare til bispekontoret i Molde for oppteljing der.

Det norske samfunn er i store endringar. På det religiøse området betyr dette større mangfald, auka friheit og mange valmoglegheiter. Midt i dette endringsbiletet ønskjer vi som kyrkje å vere, som landets største trussamfunn, aktiv til stades i folk sine liv og kvardagar.

Soknerådet har mange ulike oppgåver (ref. kyrkjelova §9) og gjer endeleg vedtak. Dei er mellom anna med på å utvikle kyrkja og er med i arbeidet for å vekkje og nære kristeleg liv i soknet, og er med å tek ansvar for at kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni innarbeidast og utviklast.

Vi ønskjer velkomen til det nye soknerådet i Hareid, som altso trer i kraft 1. november 2019!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"