Babysong er eit uformelt tilbod til alle som er heime med småborn (0-1 år). «Vi har hatt babyar som er heilt nyfødde, så her kan du kome uansett kor gamal babyen din er», seier Anvor. Ho synes det er fantastisk å få møte foreldre med sine babyar, og kontakten som ein får med borna etterkvart. «Spesielt lystenninga i kyrkja er vakker», og ho rosar dei to frivillige kollegaene sine, Reidun og Toril.
Soknet inviterer til babysong annankvar torsdag formiddag i kyrkja, der dei syng kjente barnesongar, bruker rytmeinstrument og bevegelse til musikk. Etter babysongen er det høve til leik på golvet for borna, og dei vaksne kan kose seg med kaffi og medbragt mat. Eit flott høve til å verte kjent med andre småbarnforelde.
PÅSKEKONKURRANSE:
Elles vil dokkene bu i kyrkja og vere til glede for borna som kjem til kyrkja i ulike samanhengar. Vil du vere med på påskekonkurranse om å gi namn til dokkene, ein gut og ei jente? Då kan du gå på facebooksida til Hareid kyrkje og vere med i trekninga av ei påskeegg fylt med godsaker.