Eit hus med mange rom

Denne veka vil soknerådet ta kontakt med folk i Hareid, for å høyre om bygdafolket vil vere med å støtte kyrkjelydshuset på Hareid. No har dei som ynskjer det ei moglegheit til å bli fast givar for å bli med på dugnaden for å utbetre og drifte huset. Eit fleirbrukshus til glede for alle innbyggjarane i kommuna. Håper mange støttar positivt opp om kampanjen og ser verdien av huset i miljøgata, som husar aktivitetar for både born, unge og vaksne.

Eit hus med mange rom

Kyrkjelydshuset i Hareid var ein draum som vart virkelig 31.10.2019! For givarane var det ei gåve å få gi det frå seg, og for oss ei gåve å få! Vil du vere med å bere draumen vidare?

Huset kan brukast til mange ting, for både små og store grupper og unge og gamle. Det har i alle år vore mykje brukt til festar, korkafear, selskap, møter mm. No tenkjer vi at det kan fortsette i same spor, men også vere ein møteplass for nye tiltak og nye grupper inn i framtida.

Det er ingen hemmeligheit at det kostar å drifte hus, særskilt store, gamle hus. Kyrkjelydshuset er både stort og gamalt. Det vil vere økonomi i å skifte både vindu og oppvarmingssystem, men krevjande å få til. 

Vil du vere med å bere draumen vidare?
Du kan bli fast givar til huset med eit valfritt beløp.
Gir du meir enn kr. 500,- pr år har du rett til skattefrådrag.

Fast inntekt gir oss betre driftsgrunnlag og større muligheite for utvikling.

Nokre personar i Hareid vil få ein telefon i løpet av dei nermaste dagane med spørsmål om å knyte seg til ein slik avtale. Dersom du ikkje får ein slik telefon er det sjølvsagt lov til å lage seg avtale på eige initiativ. Sjå vedlagt brosjyre, eller ta kontakt med kyrkjekontoret så ordnar vi dette.

Bli med på laget!

Les meir her: https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/kyrkjelydshus/

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"