Gudstenester jul og nyttår - Hareid kyrkje

Å møte ei opa kyrkjedør og ha eit kyrkjeleg tilbod innanfor gjeldande smittevernreglar er viktig for mange. Kyrkjedørene blir ikkje lukka, vi tilrettelegg heller så godt som vi kan. I ei tid der mange saknar og treng lys og varme, ønskjer vi å vere ei tilgjengeleg og varm kyrkje. Vi tek samtidig del på den viktige dugnaden for godt smittevern. Nedanfor ser du oversikt over gudstenestane i juletida.

Julestemning ved Hareid kyrkje. Fakkeltog frå julegrantenninga 26/11 til kyrkja i høve "Julenatt i stallen".Foto: Hareid sokn

Gudstenestar Julaftan kl 13.00, 14.30 og 16.00 - HUGS PÅMELDING
Grunna restriksjonar kan det vere maks 50 deltakarar i kyrkja, og difor har vi ein ekstra gudsteneste på julaftan. Altso frå to til tre gudstenester. Det er påmelding. Nokre er fullteikna, MEN det kan plutselig bli ledig av ein eller anna grunn. Vi lagar difor venteliste på inntil 12 personar, så ver ikkje redd for å meld på/ta kontakt. SMS 92090174. Gudstenestane blir streama på Facebook og til TV-kanal Hadartun.

Kl. 12.00: HADARTUN: Andakt på Hadartun med Lars Hartig-Tangedal og Lidvar Grimstad.
Kl. 13.00: Gudsteneste ved Barbro Landmark, Ida Teige, Kristin Leirbekk Husøy, Sofie Tonev.
Kl. 14.30: Gudsteneste ved Lars Hartig-Tangedal, Ida Teige,  Sissel Anita Riise, Barnekantoriet, Emily Bigset og Vibeke Rafteseth.
Kl. 16.00: Gudsteneste ved Lars Hartig-Tangedal, Ida Teige, Lovise Yri, Kristin Liavåg Karstensen og Siv Helen Olsen.


Gudstenesta 1. juledag kl 11.00 - HUGS PÅMELDING
Vi ynskjer velkomen til gudsteneste i kyrkja, og på nett, 1.juledag! Gudstenesta er ved sokneprest Lars Hartig-Tangedal, Ida Teige, blåsarar frå Melshorn, og Ole Martin Øyehol vil synge. Meld på via SMS til 92 09 01 74, med namn og antal du kjem saman med. Vi kan ha maks 50 i kyrkja. Gudstenesta blir streama på Facebook og til TV-kanal Hadartun.


Kveldsgudsteneste nyttårsafta - HUGS PÅMELDING
Velmøtt til kveldsmesse nyttårsafta. Dette blir ei fellesgudsteneste for Hareid og Ulstein. Vi går inn i det nye året ilag med Margit Lovise Holte, Ida Teige og songsolist Liv Ellen Overå. Påmelding via SMS til 92 09 01 74 og meld namn og antal i kohort. Vi kan ha maks 50 i kyrkja. Gudstenesta blir streama på Facebook og til TV-kanal Hadartun.

PS: Første gudsteneste Hareid kyrkje i 2022 er søndag 9. januar (det er ikkje gudsteneste i Hareid kyrkje 2. januar)

Smittevernsreglane:

  1. Vi kan vere maks 50 personar i kyrkja på arrangement som gudsteneste, konsert, gravferd osv. Tilsette med ei aktiv rolle, profesjonelle aktørar og enkelte frivillige aktive kjem i tillegg.
  2. Alle som tek del i eit arrangement får tilvist ein fast plass og vi må føre liste over alle som er tilstades med registrering på plassen dei fekk tilvist. 
  3. Når du ikkje sitt på den tilviste plassen treng du å bruke munnbind som vi ber at du tek med sjølv.
    Unngå minglesituasjonar i kyrkjerommet - dette må skje utandørs.
  4. Vi oppfordrer til god handhygjene.
  5. Ved symptom på forkjøling ber vi deg om ikkje å kome til kyrkja

 

Vi ønskjer alle ei velsigna julehøgtid!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"