Velkomne til ein smak av den store verda!
Diakoniutvalet inviterer til middag for folk i alle aldrar og frå alle nasjonar. Det er haust og tid for hausttakkefest eller Thanksgiving. Denne søndagen kan du få ein smak av Tyrkia, Syria, Sri Lanka, Thailand, Ukraina og norsk brennsnut. Her blir det tid for den gode samtalen og språktrening. Legg søndagsturen innom kyrkjelydshuset og et deg god og mett - heilt gratis!
Vi takkar alle «kokkane» og frivillige for at dei vil lage maten, samt Møre Bispedøme for midlar til dette måltidsfellesskapet i eit tid det kan vere godt å samlast og kjenne på varme og fellesskap.
Arrangør: Diakoniutvalet i Hareid sokn