Aktivitetar og restriksjonar Hareid kyrkje

I ei tid der mange saknar og treng lys og varme, ønskjer vi å vere ei tilgjengeleg og varm kyrkje. Vi tek samtidig del på den viktige dugnaden for godt smittevern.

I ei tid der mange treng lys og varme, ønskjer vi å vere ei tilgjengeleg og varm kyrkje for dei som vil besøkje kyrkja. Foto: Hareid sokn

Dei nye nasjonale tiltaka for innandørs offentlege arrangement, gjer at vi i Hareid kyrkje kan få plass til inntil 150 deltakarar, når vi viser til faste sitteplassar. Det skal vere 1 meter avstand (sidelengs i benkane) mellom dei som ikkje tilhøyrer same kohort, og det er påbod om bruk av munnbind på stader ein ikkje klarer å overhalde 1 meter avstand (til dømes ved inn/utgang kyrkja). Vi må igjen registrere deltakarar på arrangement, for eventuell smittesporing.

Vi oppmodar alle til å fortsatt halde på gode vanar for å hindre smitte:
-vaske/sprite hender
-ikkje klemme og handhelse
-bruke munnbind
-vere heime viss ein ikkje er frisk.

Inntil vidare får vi heller sende gode blikk og bry oss om kvarandre på anna måte.

Luciafeiring på kyrkjegarden 12. desember kl 16.00
Søndag 12. desember kl 16.00 markerer vi Luciadagen på kyrkjegarden. Dette gjorde vi også i fjor med stort hell og gler oss til å invitere små og store til ei enkel samling utandørs. Alle som vil kan delta i Luciatoget, men må då møte seinast 15 minuttar før start å få seg kappe og lys. Vibeke Holstad vil leie songen og toget over kyrkjegarden mot prestestova. Her vil soknepresten ha ei enkel samling rundt bålpanna. Undervisningsutvalet syter for gløgg og lussekattar. Gled dokke!

Syng & spel jula inn er omrokkert
Sidan det ikkje vert Syng & Spel jula inn som planlagt i kyrkja, vil nokre av aktørane i staden delta på utandørsarrangementet til Luciafeiringa på kyrkjegarden same dag. Vi får mellom anna korpsmusikk frå fleire kantar og kanskje endatil eit fellesnummer.

Konsert  med Fjøresteinane 17. desember kl 20.00
Etter tradisjonen kjem Fjøresteinane til Hareid kyrkje for å syng og spele julesongar for oss, fredag kveld 17. desember. Leiar Stig Grimstad, vil samen med Fjøresteinane lose oss gjennom kjende og kjære julesongar. Dette er eit av høgdepunkta for å kome i julestemning. Arrangementet er gratis, men mogleg å gi kollekt.

Min favoritt-konsert 21. desember kl 19 og kl 21
Når vi no får avstandsrestriksjonar og avgrensing i antal personar i kyrkjeromet, vil vi legge opp til 2 konsertar i kyrkja denne kvelden. Den annonserte konserten er utsolgt og dei som har kjøpt billett vil bli plassert litt annleis og med litt lenger avstand enn billettkjøpet tilseier. Dersom nokon ynskjer flytte sin billett til ein tidlegare konsert (kl 19), eller har andre spørsmål, ta kontakt med kyrkjekontoret.

Påmelding til gudstenestene julaftan kl 14.30 og kl 16.00
PÅMELDING: SMS til 92090174 eller ring kyrkjekontoret 70095130

Julaftan har vi gudsteneste i kyrkja kl. 14.30 og kl. 16.00. Begge gudstenestene vert streama, men dei som melder seg på kan delta ved fysisk frammøte. Dette for å hindre samanstimling ved registrering i døra og for at vi best mulig skal kunne tilvise plass etter gjeldande reglar. Kontakt kyrkjekontoret for påmelding.

Kl. 14.30, medverkande:
Hareid Barnekantori, Sissel Riise, Emily Bigseth og Vibeke Rafteset tek del.
Offer: Kirkens Nødhjelp via Vipps 16290.
Streamast Facebook og Hadartun TV kanal

Kl. 16.00, medverkande:
Lovise Yri, Kristin Liavåg Karstensen og Siv Helen Olsen tek del.
Offer: Kirkens Nødhjelp via Vipps 16290.
Streamast Facebook og Hadartun TV kanal.

Gudsteneste 1. juledag kl. 1100
(ikkje påmelding)
Gudsteneste ved Lars Hartig-Tangedal. Nattverd.
Offer: Sjømannskirken via Vipps til 16290.
Ole Martin Øyehol og blåsara frå Melshorn tek del.
Streamast Facebook og Hadartun TV kanal.


Nattverdsgudsteneste på HADARTUN 19. desember kl. 1100
v/Lars Hartig-Tangedal. Song v/Emilie Liaset-Eriksen, piano v/Svenning Veiseth.


Gudsteneste Nyttårsaftan kl 21.00
Før nytt år og felles fyrverkeri på Hareid (kl 22), blir det gudsteneste i kyrkja v/Margit L. Holte. Organist Ida Teige og song v/Liv Ellen Overå.
Streamast Facebook og Hadartun TV kanal.

AVLYST!
Familiejulefesten på kyrkjelydshuset med gang kring treet 30. desember, blir diverre avlyst.


Leige av kyrkjelydshuset
Minnesamver i leige lokaler kan vere inntil 50 deltakarar. Andre private arrangement som selskap, dåpsselskap o.l. kan vere inntil 20 deltakarar i leige lokaler. Ta kontakt med kyrkjekontoret ved spørsmål.

 

Kontaktinformasjon kyrkjekontoret:
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no
Telefon: 70095130

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"