Julehelsing frå Hareid sokn - jula 2021

Vi feirar advent og jul i kyrkjer over heile landet, og vi legg til rette for ei god og trygg oppleving. Å møte ei opa kyrkjedør og ha eit kyrkjeleg tilbod innanfor gjeldande smittevernreglar er viktig for mange. Difor har ikkje kyrkjedøra blitt lukka den siste tida, men vi har heller tilrettelagt etter forholda. I ei tid der mange saknar og treng lys og varme, ønskjer vi å vere ei tilgjengeleg og varm kyrkje, ei julepynta kyrkje – og vi tek sjølvsagt del på den viktige dugnaden for godt smittevern.

I jula tenner vi lys for alle vi er glade i , for alle vi har mista, for alle som kjenner seg einsam, og for Jesus som kom til jorda. Illustrasjon: Bente Andreassen Pilskog

Både grupper frå barnehagane, barneskulane og ungdomsskulen har fått tatt del på julegudstenester, og for alle dei som ikkje kunne kome blei det streama til skulane. Både konsertar og endåtil drop-in-dåp der 5 ville døype seg, har blitt tilrettelagt. Barn i kvitkledde kapper gjekk Luciatog på kyrkjebakken, med juletonar frå musikklag og korps ein søndag ettermiddag. Folk sett pris på, og vi treng å kunne møtast og høyre til noko større, saman med andre.

Mange har og vore samla i kyrkja og tatt farvel med sine kjære som dei har mista. Vi har gudstenester både i kyrkja og for bebuarane på Hadartun. Folkekyrkja betyr mykje for mange i Hareid og dørene er opne for håp, trøst og tru. Alt handlar om relasjonar, om møte med folk, kvarandre sine liv og kvardagar. Vi kan vere der for kvarandre og bry oss.

Lyset blir sterkare!
Adventstida har blitt markert med å tenne eit nytt lys på kvar av dei fire søndagane fram mot jul, ein gamal og fin skikk. Lysa tiltar i styrke dess mørkare det blir ute og dess nærmare vi kjem det store lyset: Jesus som blei født i ein stall. Lyset skin i mørket, og mørket har ikkje overvunne det, står det i Johannes 1,5. Året 2021 har vore eit mørkt år for mange, men lyset vil overvinne mørket. Alltid.

I jula tenner vi lys for alle vi er glade i , for alle vi har mista, for alle som kjenner seg einsam, og for Jesus som kom til jorda.
Med Edvard Hoem si gjendikting av «O, helga natt» til nynorsk, ønskjer vi alle ei fredfull og velsigna jul!

Å, SIGNA NATT

Å, signa natt,
Å, helga stund for verda,
den gong Guds son til jorda steig ned.

Han som har sona alle våre synder
og måtte døy for å gi oss fred.
Og håpet skin igjennom verdsens mørker,
og lyset fell ut over land og hav.

Folk, fall på kne,
og hyll den nye fridom.
Å, signa natt,
du frelse til oss gav.

Han kom hit for å rive alle stengsler.
Han opnar himmelen,
på jorda han trør.
Han er her og stiller våre lengsler,
og kjærleik bind dei som var fangar før.
I krybba låg han,
kongen over kongar.
I armod kom han til våre mørke verd.

Folk, fall på kne.
Og lovsyng denne fridom.
Å, signa natt,
vår gud er komen nær.
Å, signa natt,
vår Gud er komen nær.

                               Edvard Hoem

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"