Neste gong er det Fasteaksjonen som vil gi inntekter til Kirkens Nødhjelp, der våre konfirmantar vil bidra med å ga med bøsser til alle husstandande i Hareid. Dette skjer 9. april i år. Les meir om fasteaksjonen: https://www.fasteaksjonen.no/
Reint vatn er ein menneskerett
844 millioner mennesker manglar tilgong til reint vatn. Tema for Fasteaksjonen 2019 handlar om Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med vatn og sanitær i utsatte områder omkring i verda. Støtt difor opp om Fasteaksjonen og Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.
Fredsprisen 2018
5. oktober kom nyheita om at Nobels fredspris for 2018 skulle tildeles Denis Mukwege og Nadia Murad. Både vi og mange med oss, samt Kirkens Nødhjelp jubla over prisen! For siden 1994 har Kirkens Nødhjelp stått side om side med Doktor Mukwege og hans medarbeidarar i operasjonssalen på Panzi-sjukehuset, og i rehabiliteringssenteret Dorcas Hus. Og sidan dei sette i gong nødhjelpsarbeidet i Syria og nabolanda med middel frå Fasteaksjonen i 2011, har Kirkens Nødhjelp vore der for Nadia Murad sine systrer, faktisk også heilt bokstavleg talt.
Årets juleaksjon rommar både det vonde i verda og det håpefulle. «Eit barn er fødd», syng vi i jula. Og når vi feirar Jesus sin fødsel, minner vi og kvarande om borna som blir fødde inn i verda vår i dag.
Saman har vi ei viktig rolle å spele, og med juleofferet til Kirkens Nødhjelp blir juleevangeliet ikkje berre ei romantisk historie om barnet i krubba, omgitt av lam, hyrdar, vise menn og englar. La bodskapen til jula vere ei praktisk utfordring til alle vi møter. «Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.» (Matt 25, 34-40)