Årsmeldinga kan du laste ned ved å følgje denne lenkja:
Årsmelding Hareid sokn 2023
Program for dagen:
kl. 13.00-15.00: Superlaurdag. Dei som ynskjer grautmiddag kl 14.15, melder frå til mobil 92 09 01 74.
kl. 15.00-16.00: Kafe, tombola og ansiktsmaling
Etterpå vil vi gjerne at det myldrar av liv på huset før vi samlast til fest! Då kan du få kjøpt mat og kaffi og tombolalodd.
Sosialt samvær: Frå start til slutt vil du treffe kjentfolk på huset!
Kyrkjelydsfest: Fokus på fleire grupper. Mykje song og musikk.
Lodd: Tombola kl 15-16. Lynlodd på festen.
kl. 16.00-18.00: Kyrkjelydsfest & Årsmøte Hareid sokn, ope for alle. Programmet er litt for ein kvar smak, og årsmelding for soknet er både variert og opplysande. Dei som tek del er: Grimstadkoret, barnekantoriet, Ingmar Mork, Vibeke Holstad, Hege Holstad, Ida Teige, Stein Karstensen og prost Ingeborg Matre, med fleire. Vi har loddsal med fine premiar!
Innkalling til årsmøte:
1. Konstituering av årsmøtet
2. Årsmelding 2023 for Hareid sokn
3. Førebels rekneskap 2023 og budsjett 2023
4. Orienteringar
Årsmelding for Hareid sokn 2023 er utarbeidd av sokneråd, underutval og staben i Hareid sokn, og er godkjent av soknerådet sak SR 10/24. Rekneskapen er ikkje revidert enda.