Det er krevjande og usikre tider no, og ingen som klart kan seie korleis dette vil verte etter tidsfristar som no er sett. Vi vil oppdatere informasjon etterkvart som det kjem endringar.
For tida arbeider vi med å finne løysningar for korleis møte folk med påskebodskapen dersom kyrkja og Hadartun fortsatt vert stengt for større forsamlingar. Vi arbeider bl.a. med digitale løysningar for forenkla gudstenester.
DÅP
Dei som har avtalt dåp framover har tilbod om eigen dåpsgudsteneste med næraste familie til stades. Desse vil bli kontakta direkte av prest.
Slik tilrettelegg vi for dåp fortløpande. Ta kontakt med oss som tidlegare i høve dåp.
GRAVFERD
Gravferder vert gjennomført med kun næraste etterlatte til stades. Viktig at alle respekterer dette, og heller viser si omsorg på andre måtar enn å møte til gravferdsseremoni. Kun inviterte kan møte til seremoni.
FASTEAKSJONEN
Fasteaksjonen med konfirmantane vert 100% digital og det vert lagt ut informajson og innsamling på facebook.
KONFIRMASJON
Konfirmasjonane i mai vert mest sansynleg ikkje gjennomført som planlagt, og vi arbeider med ulike planar for dette. Vi håpar i løpet av veka å finne gode løysningar som kan fungere for alle.
Nokon vil kjenne på einsemd i desse tider, meir enn vanleg, dersom du treng nokon å snakke med er det mulig frå kyrkja lokalt her, men også Kirkens SOS er tilgjengeleg som vanleg.
Du når kyrkjeleg tilsette på kyrkja sin facebook eller personlig messenger til den du treng.
Lars prest kan du nå på tlf. 99787199
Barbro kyrkjelydspedagog kan du nå på tlf. 92090174
Dagleg leiar Hareid frivilligsentral, Heidi Pedersen Kvalsvik: 41930282
Bente kyrkjeverje kan du nå på tlf. 97612086
Vi følgjer folkehelseinstituttet sine råd, samt lokale anbefalingar og påbod.
Siste nytt om korona-viruset på Hareid kommune si heimeside: https://www.hareid.kommune.no/fokusnyhende/fa-siste-nytt-om-koronaviruset-og-status-i-hareid-kommune.86158.aspx
Les meir på Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/