Gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd i Hareid kyrkje

Hareid kyrkje opnast gradvis, med dei smitteverntiltaka som er gjeldande. Mykje av den ordinære aktiviteten er avgrensa framover, men vi utfører kyrkjelege handlingar som dåp, vigsel og gravferd, og frå 17. mai opnar vi for gudstenester med påmelding for inntil 50 personar i kyrkja. Alle gudstenester blir direktesendt Hareid kyrkje si facebook-side.

Gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd i Hareid kyrkje

Vi er glade for at vi, i samhandling med kommunelegen i Hareid kan opne for å ta imot inntil 50 personar i Hareid kyrkje, med dei smitteverntiltaka som er gjeldane til ei kvar tid. Desse kan raskt endre seg og kan vere ulik frå kommune til kommune. 


I høve dåp, vigsel og gravferd: Det er familien i høve dåp, vigsel eller gravferd som tildeler plassane for inntil 50 personar.

GUDSTENESTER (med påmelding)
Frå søndag 17. mai, kan vi samlast til gudsteneste i kyrkja, med inntil 50 personar. For å kunne halde seg til dette antalet, må ein melde seg på gudstenesta på førehand.

Påmelding gudsteneste: Vi lagar ei hending på facebook der folk kan skrive seg på, eller ein kan ringe kyrkjekontoret (tlf 70095130) og melde seg på, der vi noterer fortløpande antal. Det vil gjelde «først til mølla». Ein kan ikkje rekne med å få plass dersom ein møter opp til kyrkje utan å ha meldt seg på.

Vi streamer gudstenesta, slik at ein kan sjå den på Hareid kyrkje si facebookside. Dersom situasjonen framover blir den same (maks 50), er planen å ha påmeldingsgudstenester kvar søndag, med omsyn til både nasjonale og lokale anbefalingar og påbod i høve smittevern.
Blir same påmeldingsmåte. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret.

DÅP
Vi tilrettelegg eigne dåpsgudstenester, fortløpande med familie til stades.Ta kontakt med kyrkjekontoret for å melde til dåp og for å få meir informasjon.

VIGSEL
Vi utfører vigsel som planlagt, men etter lokale og nasjonale retningslinjer. Ta kontakt med oss dersom du skal gifte deg eller har spørsmål om vigsel i Hareid.

GRAVFERD
Gravferder vert gjennomført med pårørande til stades. Vi tilrettelegg for familien og dei næraste rundt avdøde. Viktig at alle respekterer dette, og heller viser si omsorg på andre måtar enn å møte til gravferdsseremoni. Kun inviterte kan møte til seremoni.

KONFIRMASJON
Etter anbefaling frå kyrkja nasjonalt har vi utsatt konfirmasjon til hausten 2020. Desse planleggast som normalt inntil vidare, konfirmantane har fått informasjon tilsendt.
For neste konfirmasjonskull (våren 2021) vil det bli innskriving i Hareid kyrkje den 7. juni 2020, kl 1100 og kl 1200. Sjå informasjonsbrosjyre sendt i posten til ungdomane.

KYRKJEKONTORET
Kyrkjekontoret er stengt for besøkande, men du kan nå oss per telefon 70095130 eller per epost kyrkjekontoret@hareid.kommune.no.

Siste nytt om korona-viruset på Hareid kommune si heimeside: https://www.hareid.kommune.no/fokusnyhende/fa-siste-nytt-om-koronaviruset-og-status-i-hareid-kommune.86158.aspx

Les meir på Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"