Hareid KFUK-KFUM er tilknytta Norges KFUK-KFUM og driv sitt arbeid gjennom Hareid Ten Sing, Tweensklubben, SportY, Forbundsringen/KFUK-grupper, matsal på Holesanden m.m. Hareid KFUK-KFUM står også ansvarleg for ulike arrangement gjennom året som jonsokfeiring, julefest, 17.mai feiring, søndasgope på Holesanden osv. Mykje av arbeidet skjer i nært samarbeid med Hareid kyrkjelyd.
BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR 50% STILLING
Hareid KFUK-KFUM og Hareid sokn søkjer barne -og ungdomsarbeidar primært til arbeidet i Tweensklubben (6.+7.klasse), Ten Sing (frå 8.klasse) og SportY. Aktivitetane har med mange flotte og aktive ungdomar, og søkjarane må trivast med å arbeide som vaksenleiar mellom desse. Stillinga kan gjerast fleksibel både når det gjeld type arbeidsoppgåver og arbeidstid (formiddag, ettermiddag, kveld, helg), avhengig av personlege eigenskapar og tenestebehovet i laget og kyrkjelyden. Den tilsette vil få kontorplass på kyrkjekontoret og vere ein naturleg del av staben der.
Ønskte kvalifikasjonar:
- Gode kontaktskapande eigenskapar og evne til å ”sjå den enkelte” (med bakgrunn i KFUK-KFUM sitt slagord: «Ver deg sjølv! Stå opp for andre!»)
- Evne til å kunne fremje god struktur i barne- og ungdomsarbeidet
- Kunne gi støtte til det åndelege og musikalske arbeidet i laget. Spesielt treng vi ein musikalsk støttespelar for Ten Sing
- Vere fleksibel med tanke på arbeidsoppgåver
Stillinga er finansiert gjennom innsamla midlar og vil difor ha eit årleg perspektiv (prosjektstilling). Stillinga kan til ei viss grad tilpassast personlege kvalifikasjonar, og også delast opp dersom det skulle vere aktuelt.
Den som har stillinga må vere fylt 18 år, og kunne identifisere seg med KFUK-KFUM og kyrkjelyden sine verdiar, og delta aktivt i dette arbeidet. Kyrkjeverga vil ha arbeidsgiveransvar for den tilsette.
Søknadsfrist: 1.august 2017
Interesserte kan få fleire opplysningar frå Eldrid Gryt tlf 413 12 141, eller sende søknad med CV til eldrid.gryt@gmail.com