Offisiell opning av to kulturminneskilt v/Hareid kyrkje 12. desember

To kulturminneskilt skal offisielt avdukast kvelden 12. desember ved Hareid kyrkje. Skilta viser Hareid middelalderkyrkjegard og dei arkeologiske spora etter bronsealdergarden som er funne nord for kyrkja. Opninga vert rett etter den årlege julekonserten til musikk- og kulturskulen, som startar kl 18.30. Liknande skilt skal og etterkvart kome på Kvitneset og Overåsanden.

Slik kan den gamle stavkyrkja i Hareid ha sett ut. Dette var ei einskipa stavkyrkje frå 11-1200-talet. Illustrasjon: Arnfinn Mork Stordal

OPNING AV KULTURMINNESKILTA
Arkeolog i fylkeskommunen, Arve Eiken Nytun, vil fortelje litt om spora etter middelalderen som no er nedfelt på to skilt. Illustrasjonane på skilta er laga av kunstnar Arnfinn Mork-Stordal, som også vil være tilstade.
Denne markeringa er ei forlenging av tidlegare programpost under "Opplev Hareid" i sommar, der arkeolog Arve Nytun haldt presentasjon i kyrkja om lokal middelalderhistorie med kulturhistorisk informasjon, då saman med musikalse innslag frå tidsepoka. Ei flott formidling av spor i Hareid etter middelalderen.
Oppføring av desse to skilta er godkjent av riksantikvar og Hareid kommune har fått BARK-midlar for å reise kulturminna.

Velmøtt til både ein flott konsert og den offisielle opninga/avdukinga v/ordførar Anders Riise!

HAREID KYRKJESTAD
Den fyrste kyrkja vi kjenner til på Hareid var ei stavkyrkje som truleg vart bygd på 1200-talet. Denne brann ned til grunnen i 1806 etter eit lynnedslag. Den kan ha vore kyrkjer på Hareid før denne, men dette har vi ingen konkrete bevis på. Det vi derimot veit er at kyrkjegardsområdet har vore brukt som gravleggingsstad og kultstad lenge før kristendomen kom til landet, og har lang tradisjon knytt mot åndeleg praksis.
Dagens kyrkje er listeført, og vart reist om lag 40 m søraust for den opphavelege kyrkja. Omkring den opphavelege kyrkja ligg ein kyrkjegard frå mellomalderen som i dag framleis er i bruk. Innanfor kyrkjestaden står også ein bautastein frå jernalderen.

I dag fins det framleis nokre gjenstandar som har stått i den gamle stavkyrkja, som samen med skriftlege kjelder kan gi oss ei innblikk i mellomalderkyrkja og samfunnet kring den.
Det fins også myter og segn om kvifor kyrkja vart bygd nett her. Dette er nok mindre truverdige myter, men er likevel viktig som kulturhistoriske verdiar ikring kyrkjehistoria.

Også landskapet ikring fortel mellom anna om ei endring i gravleggingspraksis, frå førkristen tid, heilage vasskjelder og andre faktorar som er viktige for å forstå dei store omveltningane som skjedde ved religionsskiftet for omlag 1000 år sidan.

Informasjon i høve arrangementet: Arkeolog i fylkeskommunen, Arve Eiken Nytun

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"