Vi har så mange flinke folk i Hareid som kan, og vil vere med å bidra til denne konserten. Alle aktørane er frå Hareid og nesten alle bur i Hareid kommune. Vi er heldige med så mange talentfulle flotte folk blant oss! Nye solistar kvart år!
Eit instrumentalt innslag i år også, denne gong ved Vegard Topphol på sax.
Flinke musikarar stiller også, og vi skal ha allsong. Her er det berre å sikre seg ein billett i tide!
Vi gjer som før; merkar benkane med nummer og du får tilvist rett benk når du kjem i kyrkja.
Ynskjer du å site langt framme? Ja, då må du vere snar, for dei billettane går sjølvsagt først ut!
Slik kjøper du billett:
Det kostar kr. 250,- på førehand. Du kan kjøpe billettar på "Tråd kråa" og på Kyrkjekontoret. Du kan betale kontant eller med Vipps nr 525936 Kyrkjelydshus (merk betalinga med: Min favoritt).
Kjøper du i døra, dersom det er meir igjen, stig prisen til kr. 300,- .
Alt overskotet av konserten går til Kyrkjelydshus.
Desse aktørane er med under årets konsert:
Andreas Austnes Mork, Evelyn Røren, Maria Juul-Hansen, Truls Håbakk, Monica Teige, Trude Børjesson Sødal, Lene Veiseth, Anne Liv Holstad, Ole Martin Øyehol, Vegard Topphol, Gollj og Gråstein.
I bandet har vi:
Ida Teige orkesterleiar, Annette Knudsen, Even Årsbog Bjåstad, Johannes Bjåstad, Mari Råket Moholt, Jenny Korsnes, Vegard Topphol, Svenning Veiseth.