Alle helgens dag er ein spesiell dag der minna om dei som er døde, på ein ekstra sterk måte kjem til oss. Vi vonar at gudstenesta vil kunne vere med på å gi noko og leve vidare på.
Vi har valt denne dagen sidan den kjem i ei helg som har lange tradisjonar og mange og sterke følelsar knytt til seg. Kanskje samlast familien denne helga, kanskje går ein til kyrkjegarden for å besøke ei grav. For nokon er det kort tid sidan dødsfallet, for andre nesten eit år. For mange har denne tida vore heilt annleis enn noko de tidlegare har vore gjennom.
Vi ynskjer å ære minnet til dei som er døde. Dei er ikkje gløymde. På gudstenesta denne laurdagen vil vi lese opp namna på dei som er døde i Hareid sidan siste Alle helgens dag. Det vil også bli song, musikk, skriftlesing, bøn og stillheit.
Vi får kome til gudstenesta med liva våre slik dei er. Vi samlast som eit fellesskap for å forsøkje ta del i kvarandre si sorg og sakn. Men vi vil også samlast om håpet som den kristne trua gir gjennom Jesus Kristus.
Vi vil tenne lys for kvar av dei som har gått bort. Etter gudstenesta kan den som ynskjer det også tenne lys på bordet framme i koret.Gudstenesta vert avslutta med stille musikk. Diakoniutvalet sine medlemmer vil vere til stades om nokon har behov for samtale.
Gudstenesteleiar er sokneprest Leidulv Ø. Grimstad.
Alle helgens-helga er det tre samlingar i kyrkja:
Laurdag 3/11 kl 16.00: Minnegudstenesta
Søndag føremiddag 4/11 kl 11.00: Gudsteneste
Søndag kveld 4/11 kl 19.00: Avslutning med ein stille konsert med Hjørungavåg Brass.