Denne veka er det misjon som er i fokus for mange av aktivitetane våre. Både konfirmantane og 10-åringane har misjon som tema, og 10-åringane skal endatil vere med å lage gevinstar til søndagen 18/11. Det er mykje vi kan snakke om når tema er misjon; urettferd, oppdrag, dele, nåde, varme, kulde, svolt, u-land, givarglede, reise, misjonærar, overtramp osv. Lista kan bli lang. Hovudfokus er at Jesus gav oppdraget til alle. GÅ og fortel. Døyp dei og lær dei. Det er nettopp det oppdraget vi ynskjer å ta på alvor. Av alt det andre Jesus sa og gjorde som vi kan lese om i Bibelen, ser vi at å dele av dei godene vi har med folk som lid nød også var i fokus.
Barnas Misjonsdag i kyrkja 18/11
10-åringane, barnekantoriet og konfirmantane vert oppmoda om å pante flasker denne veka og kome med pantepengane i gudstenesta søndag 18/11. Då er det nemleg Barnas Misjonsdag i kyrkja. Barnekantoriet vil ta del med song og tonane til nokre av salmane kjem frå land det har vore misjonsarbeid i mange år.
Slik kan vi dele med kvarandre, og det er det misjon mest av alt handlar om: Etter Jesu oppdrag å vise omsorg for kvarandre.
Middag & Misjon etter gudstenesta 18/11
Etter gudstenesta inviterer vi til MIDDAG OG MISJON på Hareid bedehus. Det vert sal av brennsnut, kaffi og kaker. (10-åringane og barnekantoriet får gratis middag) Det vert også sal av årar, med mange fine gevinstar.
Misjonsutvalet i Hareid sokn:
Det er misjonsutvalet i Hareid sokn som er ansvarleg for dette arrangementet. Utvalet har hovudansvaret for å drive fram arbeidet med kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt.
Misjonsutvalet: Odd Lykstad, Petra Bakkely, Jahn Kjell Fjørtoft, Kjersti Røyset Topphol (leiar)