Ny liturgi for gudstenester

Alle kyrkjelydar skal velje mellom ulike alternativ til liturgi for gudstenestane, som kan takast i bruk 1. desember 2020. I Hareid opnar vi for at kyrkjelyden kan få lytte til dei musikalske alternativa og seie kva dei meiner, dette skjer tysdag 22. september kl 19.30 i Hareid kyrkje. Kva ønskjer DU? Kom og gjer deg opp ei meining Dette er eit møte ope for alle!

Ny liturgi for gudstenester

For somme vil omkvedet i livet vere "Kan vi ikkje ha det slik det alltid har vore?" Det kjende er kjært. Mange kan kjenne det slik i kyrkja og. 'Fornying' kan fort opplevast som 'forstyrring'. Og mange kjende det nok slik då kyrkja – etter innspel frå Ungdommens Kyrkjemøte – brått tok sjumilssteg i å sleppe laus moglegheiter for 'lokalt tilpassa gudstenester'. Det vart mykje nytt på ein gong. Og store skilnader frå kyrkjelyd til kyrkjelyd.

Så har bremsene slått inn. Vi skulle framleis vere éi kyrkje, den same, gjenkjennelege kyrkja kor enn i landet du kom. 'Fornyinga' skulle ha ei tydelegare felles retning. Og slik blei det.

Men framleis er det valmoglegheiter innafor rammene. No skal alle kyrkjelydar lande – på kva dei ynskjer å nytte.

OPE MØTE 22. SEPTEMBER KL 19.30 - I HAREID KYRKJE
I Hareid opnar vi for at kyrkjelyden kan få lytte til dei musikalske alternativa og seie kva dei meiner.
Tirsdag 22. september kl. 19.30 blir det eit OPE MØTE i kyrkja, der kantor og forsongarar vil synge gjennom dei aktuelle alternativa. Der vil noko vere kjend og mykje vil vere nytt. Kva ønskjer DU? Kom og gjer deg opp ei meining!

I linken nedanfor finn du DnK sine alternativ til ny liturgi. Dette er eit stort og litt uoversiktleg dokument, difor skal gudstenesteutvalet og kyrkjemusikalsk utval i Hareid sokn i samspel med soknerådet, kome med eit forenkla forslag i det opne møtet 22. september. Vel møtt!

SOKNEMØTE SØNDAG 4. OKTOBER, RETT ETTER GUDSTENESTA I HAREID KYRKJE
På gudstenesta 4. oktober vert den nye liturgien nytta som ein test,og rett etter gudstenesta blir det Soknemøte i kyrkja. Her vert den nye gudstenesteliturgien tema. Det er soknerådet som skal gjere vedtak - før liturgien skal godkjennast av biskop. Liturgien skal stemme overens med den nye gudstenesteboka.

Vel møtt!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"