Ann-Kristin er frå Hareid, er 49 år, jobbar som adjunkt ved Hareid ungdomsskule. Ho har i sin ungdom sjølv vore aktiv i både Hareid Ten Sing og speidaren, noko som gjer at ho gjerne vil engasjere seg i dette viktige arbeidet som Hareid KFUK/M driv. I vaksen alder har ho mellom anna vore speidarleiar i ulike periodar i til saman 18 år, nokre av åra som troppsleiar. I tillegg har ho vore i krinsstyret både i Sunnmøre krins og i Troms krins, og vore med å drive barnegospelkor i Tromsø. Denne vinteren sitt ho og i leirkomiteen som skal arrangere krinsleir for speidarane på Flø komande sommar.
Oppstart
Ann-Kristin tek til i stillinga, som er ei 20 % stilling, i slutten av januar 2020, og rekk akkurat det store «Vintertreffet» for Ten Sing-ungdommane som er 7.-9. februar på Flø. Ho ser fram til å bruke tid saman med ungdommane om det som opptek dei og å gjere opplevingar saman med dei. Dei fleste av ungdommane kjenner allereie til Ann-Kristin då ho er lærar på ungdomsskulen. Vi gleder oss over at ho har takka ja til å leie dette viktige arbeidet og ønskjer lukke til!
Dette er Ten Sing
Ten Sing er ei gruppe med ungdomar i regi av KFUK-KFUM, (frå 8. klasse og oppover) i eit flott fellesskap med andre ungdomar, der ein møtast for å synge, spele i band, danse, og blir kjent med andre ungdomar, vere kreativ saman og ta del på ulike arrangement gjennom året. Kom å bli med då vel, det er plass til fleire!
Øvingane er kvar tirsdag kl 19.30-21.30 på kyrkjelydshuset.