Ny medarbeidar i Hareid KFUK-KFUM og soknet

Hareid KFUK-KFUM i samarbeid med soknet har tilsett ny barne og ungdomsarbeidar i 50% stilling.

Den nye medarbeidaren saman med nokre av medlemane i soknerådet og styret i KM

21.august var første arbeidsdag for Elin Gaustad i stillinga blant born og unge i Hareid.

Ho vil få hovudansvar for Ten-Sing koret og Tweensklubben, men har heldigivs med seg gode medarbeidarar til dette.

Styret i Ten-Sing har hatt sitt første styremøte saman med den nye arbeidaren og lagt planen for hausten. Første øving vert tirsdag 29.august. Då er det planlagt å starte med litt sosialt; presentasjon av styret og dirigent, blikjent leikar og litt øving på slutten.

Torsdag neste veke er første samling for Tweensklubben på Hareid bedehus. Nokre av dei som var med der i vår har Elin alt møtt då ho var med juniorkonfirmantane til Alskleiva.

I tillegg til desse faste oppgåvene vil Elin ta del i nokre av tiltaka i trusopplæringa og kanskje kan det kome noko nytt og spanande aktivitetar etterkvart?!

Elin Gaustad er 29 år, kjem frå Vedvang i Eide kommune. Ho har sunge i kor sidan ho var lita jente og halde på med musikk på mange ulike nivå.
Nokre vil kanskje kjenne igjen namnet frå X-factor? Og det stemmer! Ho deltok nemleg der i 2009 og konsekvensen av det var platekontrakt med Jan Fredrik Karlsen. Ho har også vore på norgesturne med Kurt Nilsen.

For tida bor ho i Volda der ho studerer Engelsk. Frå før har ho studert musikk og religion ved høgskulen i Volda.

Vi er glade for ein ny medarbeidar i flokken og ynskjer lukke til med oppgåvene!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"