Vår sokneprest gjennom dei siste tre åra, Leidulv Ø. Grimstad, har valt å gå av med pensjon frå sommaren 2019. Grimstad har vore sokneprest i Hareid i 3 år, og vel å gå av med pensjon då han passerer aldersgrensa og blir 68 år i mars.
3 søkjarar
Det er svært gledeleg at det er tre søkjarar til soknepreststillinga i Hareid, spesielt når vi veit at det mange plassar i landet står ledige stillingar, der det ikkje er søkjarar i det heile tatt. Den nye soknepresten som kjem hit får møte, bu og preike med mange flotte mennesker i ein aktiv kyrkjelyd som bidreg og tek del på dei mange aktivitetane våre.
Det er Møre bispedøme som har ansvar for tilsetting av sokneprest, men soknerådet i Hareid får uttale seg og ein representant frå soknerådet skal vere med når kandidatane skal intervjuast.
Tilsettinga skjer i Møre bispedømeråd sitt møte 8. februar. Leidulv Ø. Grimstad blir altså verande som sokneprest til sommaren, og planen er at den som blir tilsett skal begynne i stillinga på seinsommaren.
Hareid sokn ser fram til å ta imot den nye soknepresten når den tid kjem.