Nye innstrammingar i smittevernreglane, gjeld frå natt til 9. desember 2021

Dei nye nasjonale tiltaka for innandørs, offentlege arrangement, gjer at vi i Hareid kyrkje kan få plass til inntil 150 deltakarar på faste tilviste plassar. Det skal vere 1 meter avstand mellom dei som ikkje tilhøyrer same kohort og det er påbod om bruk av munnbind på stader ein ikkje klarer å overhalde 1 meter avstand (til dømes ved inn-/utgang kyrkja). Arrangør er pliktig til å registere deltakarane (namn og mobilnr) for eventuell smittesporing.

Nye innstrammingar i smittevernreglane, gjeld frå natt til 9. desember 2021

Fast tilvist plass betyr at deltakarane skal sitte på stol, benk e.l. under heile arrangementet (ikkje v/dåp og nattverd). Plassane er tilviste når vert viser deltakarane til sitteplass. Arrangøren må sikre at det er nok vertar for å ivareta dette.

Viss ein ikkje tilviser plass, kan det maks vere 50 deltakarar på arrangementet!

Vi må alle fortsette å halde gode smittevernreglar:

  • Hald 1 meter avstand til dei ein ikkje er i same korhort med
  • Bruk munnbind der ein ikkje kan holde 1 meter avstand
  • Vaske hendene ofte og grundig med vatn og såpe (evt. sprit)
  • Hald deg heime viss du er sjuk

Dei nye smittevernreglane gjeld frå natt til 9. desember 2021 og inntil vidare. Reglane kan på kort tid endre seg, vi oppdaterer fortløpande.


GUDSTENESTE
Ope for deltakande og ein treng ikkje melde seg på for å ta del på ordinære gudstenester. Etter registrering får du tilvist plass i kyrkjebenkane - der du må sitte under heile arrangementet (gjeld ikkje dåp og nattverd). Ber alle om å møte i god til til kyrkje og sette seg på tilvist plass umiddelbart, ikkje mingle rundt i kyrkjerommet. Slik unngår vi trengsel ved inngang og klarer å halde godt smittevern.

På julaftan ser vi oss nødt til å ha påmelding til gudstenestane (kl 14.30 og 16.00), slik at vi ikkje brukar tid til registrering ved inngangen og kan tilvise plass på best mulig måte (SMS til 92 09 01 74 eller ring kyrkjekontoret 70 09 51 30).

Nattverd: Ved nattverd vil prest og kyrkjevertar bidra med å tilrettelegge for at smittevernreglane overholdast.
Streaming: Gudstenestane blir direktesendt på Hareid kyrkje si Facebook-side og til Hadartun sin kyrkjekanal på TV.


GRAVFERD
Dei som ønskjer å ta del i ei gravferd må ta kontakt med pårørande for påmelding. Pårørande må levere deltakarliste (merka med kohortar) til kyrkjekontoret, seinast kl 12 dagen før gravferda. Lista vil bli oppbevart for eventuell smittesporing og makulerast etter 14 dagar. Smittevernreglane er lik både inne i kyrkja og ute ved grava.
Ved seremoniar på kapellet Hadartun gjeld same reglar, men maksgrense på 20 deltakarar.

MINNESAMVÆR PÅ KYRKJELYDSHUSET
Det er mogleg å leige kyrkjelydshuset for minnesamvær for inntil 50 personar, og må gjennomførast etter gjeldande smittevern-reglar. Ta kontakt med kyrkjekontoret.

VIGSEL OG DÅP gjennomførast etter gjeldande smittevern-reglar.

BARNE- OG UNGDOMSARBEID gjennomførast innanfor trafikklysmodellen.

ALLSONG OG KOR
Det er ikkje komen eigne anbefalingar knytt til allsong/korsang enno. Følg difor smittevernreglane som gjeld.

 

OFFENTLEGE ARRANGEMENT INNANDØRS UTAN TILVISTE PLASSAR
Inntil 50 deltakarar, gjennomførast etter gjeldande smittevern-reglar.


PRIVATE ARRANGEMENT INNANDØRS (DÅPSSELSKAP, FAMILIESELSKAP, O.L.)
Inntil 20 deltakarar, gjennomførast etter gjeldande smittevern-reglar.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med kyrkjekontoret:
Telefon 70095130
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"