Lars Håvard skal vere med å styrke arbeidet blant barn og unge og vil få ansvar for undervisning i aldersgruppa 11-18 år, samt ansvar for ungdomsarbeid og Ten-Sing i samarbeid med Hareid KFUK/M. Soknet inngår med dette eit tettare samarbeid med Hareid KFUK/M, som skal dekke delar av stillinga.
Stillinga vert i nært samarbeid med noverande kyrkjelydspedagog, som er leiande pedagog og som har hovudansvar for aldersgruppa 0-10 år og samarbeidet med barnehagar og skule. Trusopplæringa er godt utbygd, og kyrkjelyden fekk i si tid trusopplæringsprisen for arbeidet.
Lars Håvard er frå Langevåg, gift og har tre barn. Av yrke er han utdanna allmennlærar med kristendom i fagkrinsen. Han har jobba i barneskulen som kontaktlærar og i tillegg har han jobba 2-3 år som vikar i Den norske kyrkja i Sula med ulike alderstrinn i truspplæringa. Lars har tilsaman 16 års erfaring frå arbeid med born og ungdom gjennom arbeid i skule og kyrkja. Han spelar gitar og bass og har litt erfaring frå dirigering av barnekor. Planlagt oppstart i stillinga er 12. august, men han har tatt del på enkelte tiltak våren 2024.
Han seier at han gleder seg til å jobbe for Hareid sokn og til å bli kjent med både kollegaer og kyrkjelyd. Det blir innsettingsgudsteneste for Lars Håvard søndag 22. september i Hareid kyrkje.
Vi ynskjer Lars Håvard hjarteleg velkomen og gleder oss til å få han med på laget!