Hareid kyrkje tek aktivt del på festivalen "Opplev Hareid"

Under festivalen "Opplev Hareid" 19.-23. juni vil kyrkja vere aktiv i ulike samanheng. I samspel med andre aktørar, bidreg vi til å skape møteplassar og stemning for ein triveleg plass å leve, vekse og bu.

På laurdag stiller vi med stand i parken med sal av kaffi, vafler, saft og tombola.

Våre samhandlings-arrangement under Opplev Hareid:

  • Onsdag 19/6 kl 1700: Konsert på Hadartun v/Trine T. Eidesvik og Kevin Myklebust, «Den kulturelle spaserstokk». Arr.: Hareid Frivilligsentral og Dagsenteret
  • Onsdag 19/6 kl 20.00: "Samtale konsert med noko attåt". Tidlegare journalist og religionsvitar Andrea Øien Sæverud vil hjelpe oss til å bli kjent med vår nye sokneprest Lars Hartig-Tangedal. Musikklaget Melshorn tek del. Arr: Hareid kyrkjeakademi
  • Laurdag kl 11.00: Stand i parken med sal av kaffi, vafler og tombola. Arr: Hareid kyrkje
  • Laurdag kl 10.00: Gratis frokost på Hareid bedehus (2.etg). Arr: Hareid Frivilligsentral, Lions og Saniteten
  • Laurdag kl 13-15: Internasjonal kafé på bedehuset kl. 13-15. Arr: Hareid ressurssenter og Hareid Frivilligsentral
  • Søndag kl 11.00: Innsettingsgudsteneste for sokneprest Lars Hartig-Tangedal, på Hareid bedehus etterfulgt av kyrkjekaffi med program. Prost Ingeborg Matre og presteskap tek del. Arr. Hareid kyrkje

Hareid Frivilligsentral er eigd av Hareid sokn. Frivilligsentralen har eigne retningslinjer for drifta, og driv eit viktig, sosialt entreprenørskap i Hareid kommune. ”Vi treng deg. Du treng oss!”

Hareid kyrkjeakademi er etablert som medlem i organisasjonen Norske kirkeakademi (NKA). Det er undervisningsutvalet i Hareid sokn som har teke initiativ til oppstart (i 2018) av kyrkjeakademi i Hareid.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"