Påskeprogram Hareid kyrkje 2021

Nye nasjonale smitteverntiltak får konsekvensar for påskefeiringa også i år. I Hareid kyrkje vil vi tilrettelegge digitale sendingar gjennom påska - med digitale gudstenester (ikkje opne fysiske gudstenester). Desse kan sjåast på Hareid kyrkje si Facebook-side og dei blir overført til Hadartun sin kyrkjekanal på TV. Vel møtt til gudstenestefellesskapet - der du er!

Illustrasjon: Hareid sokn

DIGITALE PÅSKEGUDSTENESTER FRÅ HAREID KYRKJE

Alle gudstenestane blir digitale (ikkje opne gudstenester for fysisk oppmøte i kyrkja), og blir sendt på vår Facebookside og Hadartun sin kyrkjekanal på TV.

Palmesøndag 28. mars kl. 11.00
Digital gudsteneste frå Hareid kyrkje
v/Barbro Landmark.
Offer til Kirkens Nødhjelp, VIPPS 16290 Hareid Sokn.

Skjærtorsdag 1. april kl. 19.00 + ekstrasending kl 17.00 (til Hadartun)
Digital skjærtorsdagsgudsteneste frå Hareid kyrkje
v/Lars Hartig-Tangedal.

Langfredag 2. april kl. 19.00
Digital pasjonsgudsteneste frå Hareid kyrkje
v/Lars Hartig-Tangedal

1.Påskedag kl. 11.00

Digital høgtidsgudsteneste frå Hareid kyrkje
v/Lars Hartig-Tangedal.
Offer til NMS, Vipps 16290 Hareid Sokn.

Påskevandring på kyrkjegarden
I tillegg kan du ta ei påskevandring på kyrkjegarden i neste veke, ein fin familieaktivitet - der finn du ei påskeløype med påskebodskap.

Det vert påske i år også
Sjølv om den blir annleis, kan ein sjølve lese påskeevangeliet. Gjerne i lag med dei ein bur saman med. Og vi kan synge eller lese «Deg være ære». Helsinga «Kristus er oppstanden!» er like sann i år som før.

Vi må også ha med oss i denne tida at vi alle kan bety noko for kvarandre. Om vi ikkje kan eller bør treffast fysisk innandørs, kan vi snakke saman på telefon eller digitalt, eller gå ein tur i lag. Det er godt å kunne snakke saman, dele fellesskap, og be i lag, sjølv om vi ikkje kan vere i same rom.

Vi får ikkje feire fysiske gudstenester, men vi kan samlast digitalt. Påskeevangeliet minner oss om at Jesus når inn til oss der vi er – likevel.

God påske!

Animasjonsfilm om påskeevangeliet (6 minutter)
Påskeevangeliet animert på en morsom og lærerik måte. 
Sjå her: https://www.nlm.no/video/2020/paskeevangeliet/

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"