Parkering ved besøk kyrkja og kyrkjegarden

Det foregår mykje vegarbeid ved Hareid kyrkje, delar av Kyrkjegata er stengt og kan ikkje nyttast. Hovudporten opp mot kyrkja er difor stengt for gjennomgang, bruk difor dei andre inngangane til området og dei 3 parkeringsplassane i nærleiken.

VI OPPMODAR TIL Å PARKERE på den store nye P-plassen rett bak Kjøpmannsgata/Mjøl & Meir, eller grus-P-plassen rett ovanfor kyrkja og redskapshuset. For handicap-parkering er det 2 plassar på P-plassen rett ved sida av kyrkja. Dei to sistnemnte har omkøyring via Soffibakken-Snarvegen-Mjølkevegen. Foto: Hareid sokn

Kommunen sitt store vatn- og avlaupsprosjektet er godt i gang. Også Kyrkjegata er involvert. Gata er difor stengt for gjennomkøyring mellom rundkøyringa og Mjølkevegen, og mellom Soffibakken og Mjølkevegen (sistnemnde kun tilgang for private eigedomar).
For å kome til to av parkeringsplassane må ein ta omkøyring via Soffibakken-Snarvegen-Mjølkevegen.

Det er 3 parkeringsplassar i nærleiken av kyrkja som kan nyttast:

1) Ny og stor parkeringsplass rett bak Kjøpmannsgata/Mjøl & Meir, også el-lading.
2) Grus-parkeringsplass rett ovanfor kyrkja og redskapshuset (Omkøyring via Soffibakken-Snarvegen-Mjølkevegen)
3) Liten parkeringsplass rett ved sida av kyrkja, med 2 handicap-plassar. Veldig få plassar. (Omkøyring via Soffibakken-Snarvegen-Mjølkevegen)

 

Ein fjerde parkeringsplass vil etterkvar kome: Det gruslagte området rett nedanfor kyrkja skal bli parkeringsplass i framtida, men planen har heile tida vore at det først skal vere ein anleggsplass inntil anleggsarbeidet i området og på Pålhaugen blir ferdigstilt.

Vi ber om forståing for dette når du skal parkere køyretøy ved besøk kyrkja/kyrkjegarden. Takk.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"