GUDSTENESTER I PÅSKEVEKA:
Palmesøndag (25/3) kl. 11.00 i Hareid kyrkje:
Barbro Landmark, Ida Teige, solistar og orkester.
Framføring av Bileams esel med 5-åringane. Vinnar av påskekonkurransen får påskeegget sitt.
Skjærtorsdag (29/3) kl. 17.00 på Hadartun:
Leidulv Ø. Grimstad og Ida Teige. Nattverd.
Skjærtorsdag (29/3) kl. 19.00 i Hareid kyrkje:
Leidulv Ø. Grimstad og Ida Teige. Nattverd.
Solosong v/Anne Liv Holstad. Enkelt måltid i kyrkja etter gudstenesta. Avduking av alterbordet.
Langfredag (30/3) kl. 19.00 i Hareid kyrkje:
Leidulv Ø. Grimstad og Ida Teige, solosong v/Dagny Vardal, forsongargruppe.
Påskeaftan (31/3) kl. 23.00 i Ulstein kyrkje:
Margit Lovise Holte og Leidulv Ø. Grimstad.
1. påskedag (1/4) kl. 11.00 i Hareid kyrkje:
Leidulv Ø. Grimstad, Ida Teige og blåsegruppe frå Hjørungavåg Brass.
Song v/Arild Grimstad. Dåp og nattverd.
Fastetida går mot slutten og går over i den stille veka. Denne går frå palmesundag til påskeaftan.
Påskehøgtida er saman med jula den mest sentrale av dei kristne høgtidene. Vi får i denne tida bli med Jesus til den siste nattverd, sjå hans liding og død og så få oppleve oppstoda.
Desse dramatiske dagane er heilt avgjerande for at det fins ei kristen tru og kyrkje. Det at Jesus døydde og sto opp frå dei døde, er grunnlaget for at folk fylgjer etter Jesus den dag i dag. At han døydde for vår skuld, og viste seg sterkare enn døden, gjer han til noko meir enn ein læremeister. Det er det som gir oss eit håp om evig liv.
Å følgje rytmen i påskedagane gjer noko med ein. Skjærtorsdag vert det i forlenginga av gudstenesta eit fellesmåltid før alterbordet vert duka av og lysa sløkte i kyrkja.
Vi går inn i langfredagstimane. Påskeaftan er det påskenattsmesse i Ulstein kyrkje. Det er ei stemningsfull og vakker gudsteneste, ta deg gjerne tid til å bli med der.
Så kjem endeleg påskemorgon med påskesalmar og jubel.
Etter kyrkjeklokkene har ringt inn til festgudsteneste, kjem presten fram i kordøra og ropar ut: Kristus er oppstaden. Kyrkjelyden svarar: Ja, han er sanneleg oppstaden. Kristus er oppstaden. Kyrkjelyden svarar: Ja, jan er sanneleg oppstaden.
Vi feirer at Jesus vann over døden og sto opp og lever - slik at vi ved trua på han også skal leve det evige livet.