Denne utsegna oppsummerer dei to poenga med gudstenester: at vi får tena Gud på ulikt vis – etter som vi har evne til: med song og bøn, med pengar og nærvær. Og Gud velsignar oss på ulikt vis – etter som vi har evne til å ta imot: nokre gonger får vi utbytte av preika, andre gonger er det dei faste ledda, nattverden eller salmane og bønene i gudstenesta, som talar best til oss.
Det som låg til grunn for den innstillinga som bestefar hadde, var noko han hadde lært av Jesus sjølv og som i den gamle bibelomsetjinga var omtalt slik i Lukas 4,16: På sabbaten, helgedagen, gjekk Jesus inn i synagoga, til gudsteneste, «som han var van med», eller «etter sedvane» som det stod på bokmål.
Den andre plassen der dette uttrykket er brukt om Jesus er i Lukas 22,39: på natta til langfredagen – den tyngste dagen i heile Jesu liv – da står det at han, «som han hadde for vane» gjekk til Oljeberget, for å be i einsemd.
Det å velja og dyrka dei gode sedvanane, er vegen til eit godt og velsigna liv, både for kvart enkelt menneske og for andre menneske som ser kva som er våre viktigaste prioriteringar i livet. Det å ha dei gode vanane for regelmessig å søkja Gud både i fellesskapet og i einsemda, er noko som kan bera oss, både i dei gode og i dei vonde dagane.
Det vi har som sedvane, held oss oppe, også når dei dagane kjem, at livet vert tungt og vanskeleg, når kroppen og sansane sviktar, og vi må søkja og oppleva Guds velsigning på andre måtar, enn det vi kunne gjera i dei åra da vi var i vår fulle kraft. Men det er gjennom dei prioriteringane som vi gjer no, at grunnlaget for dei gode sedvanane blir lagt.
Eg er glad for at eg fekk oppleva å møte bestemor og bestefar då eg var ung, og for at eg framleis kan leva i den velsigninga som dei formidla gjennom sine liv. Eg håpar at eg også kan få formidle noko av denne velsigninga til mine barnebarn, når den tida kjem. Eg trur også at det å velja og å dyrka dei gode sedvanane i mitt liv i dag, er med å leggja eit grunnlag for at det håpet kan gå i oppfylling når tida kjem.
-Øystein Flø-
(barnebarn av Paula og Gustav Flø)