Ei framtid med kyrkjelydshus i sentrum
Hareid bedehus ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet. Soknet er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus blir ein møteplass open for alle – og vil bidra til å skape eit meir levande sentrum. Aktivitetane som allereie er på bedehuset skal sjølvsagt få fortsette, mellom anna KFUK/KFUM som driv speidaren, Ten Sing, samt andre musikk- og korøvingar.
Men det blir også mogleg å leige til ulike arrangement som selskap, konfirmasjon, minnesamvær gravferd, møter, med meire, med tilgjengeleg storkjøkken for dei som ønskjer det. Soknet si overtaking av bygget vil sikre både oppgradering og vedlikehald av bygget som er ein sentral del av sentrum og miljøgata. Ikkje minst vil det vere ein driftsorganisasjon på plass, ved at Hareid sokn aktivt tar huset i bruk gjennom heile året.
Miljøgate & frivilligsentral
Frivilligsentralen har mange aktivitetar som går føre seg i dagens kontorlokaler. Aktivitetane er både på dag- og kveldstid og har lenge hatt behov for meir areal til dette viktige, sosiale entreprenørskap i Hareid. Planen er at peisestova skal omgjerast til areal for Frivilligsentralen og det blir utvilsomt ein positiv gevinst med nærleik til Brukt & Billig- butikken som også drivast av Frivilligsentralen, og som ligg rett over gata.
Grøntarealet rett utanfor peisestova blir oppgradert i høve miljøgata, og blir ein fantastisk fin grøn lunge i sentrum. Her kjem det snart på plass både beplantning med belysning, gapahuk med bålpanne og areal for å sette ut sommarmøblar. Alt blir sjølvsagt universelt utforma og tilgjengeleg, og er i regi Hareid kommune si miljøgate.
Å bygge stein for stein
Soknet har eit omfattande tilbod for barn og unge som femnar alle årstrinn frå 0-18 år. Delar av dette arbeidet kan med fordel flyttast til kyrkjelydshuset. Det er utfordrande å utvikle aktivitetar og nye tiltak i kyrkja, men i eit kyrkjelydshus vil ein kunne samle fleire av tiltaka under same tak og kanskje utvide og invitere til nye tiltak. Kyrkja skal sjølvsagt framleis nyttast til aktivitetar i kombinasjon med kyrkjelydshus. No treng vi alle som vil vere med å bygge kyrkjelydshus, og å bidra med å gi gåver.
VIPPS-nr og kontonummer er øyremerka kyrkjelydshus
Har du lyst til å bidra til at huset oppgraderast og blir eit flott kyrkjelydshus, forsamlingshus og brukshus i sentrum, kan du gi ei gåve ved å nytte enten VIPPS nr. 525936, eller vår innsamlingskonto nr. 3910.61.74494. Alle midlar er kjærkomne og blir øyremerka "Kyrkjelydshus".
Saman bidreg vi til at Hareid blir ein endå betre plass å bu, vekse og leve.