«Salmeboka minutt-for-minutt» i Hareid kyrkje 19/9 kl 19.00
Onsdag 19. september kl. 19.00 blir haustens første salmekveld arrangert i Hareid. Vi får besøk av Helge Gudmundsen, ein av dei som jobba mykje med sendinga på NRK. Han har i mange år også leia radio-programmet "Salmer til alle tider". Han vil fortelle om korleis NRK jobba før og under minutt-for-minutt-sendinga. Hareid Kammerkor vil ta del med song. Koret var eit av mange kora som var med på direktesendinga frå Trondheim. Det blir mykje allsong, leia av ei forsongargruppe. I tillegg til Ida Teige på orgel og piano, har vi fått med oss Stig Håheim på piano og Karsten Robert Kirkebø på rytmer. Det vil bli teke opp ei kollekt til det kyrkjemusikalske arbeidet. Etterpå blir det servering bak i kyrkja. Serveringa er det K-gruppa som står for! Velmøtt til ein kjekk kveld!!