Hanna-Elise bur i Stavanger der ho studerer ved VID (vitenskaplige høyskole) og er komen halvvegs i teologistudiet.
Ho vaks opp i Langevågen og på Blindheim, så ho er lokalkjent i området og har familien sin buande der. I barneåra og ungdomstida var ho aktiv med i handball, kulturskulen, speidaren og ungdomskoret Respons.
I Stavanger bruker ho mykje av fritida si på UKirke, som er ei sentrumsnær kyrkje for ungdom og studentar. Ho likar handarbeid, spele og høyre på musikk og har alltid vore glad i å lese og då særleg fantasy og romanar. Ein annan hobby som ho har, er hårfarging, og då særleg i utradisjonelle fargar. Ho er glad i folk og gler seg til å bli kjent med kyrkjelydane i Hareid og Ulstein.
Hanna-Elise skal vere sommarvikar tilsaman i 7 veker. Første arbeidsdag er 19. juni, og den første tida vil gå til å gjere seg kjent, få opplæring og jobbskugging ilag med prestane og stabane. Etter kvart vil ho ha både gudstenester, andakter på institusjonane, samtalar og gravferder. Dei andre prestane i Hareid og Ulstein tek ikkje ferie på same tid, så kyrkjelydane vil få møte både nye og kjente fjes.
Vi ønskjer Hanna-Elise hjarteleg velkomen til Hareid- og Ulstein sokn. Ta ho vel imot!