Etterlatne framhever særskilt at den gjenkjenninga og identifiseringa ein føler med å møte andre som er i same situasjon er det viktige med sorggruppe- deltaking. Her kan ein gje uttrykk for si sorg saman med nokon som ”verkeleg forstår”, og dei vonde opplevingane vert anerkjent og får plass.
Ein kan både gje og få gode råd og informasjon, og det kan også gje livsmot og håp ved at ein ser og høyrer at det er mogleg å kome vidare i livet etter dødsfall. Ei som var med på ei gruppe tidlegare sa det slik; »Sorggruppa hjelpte meg på vegen tilbake til å kjenne livsgleda. Det var så godt å vete at slik eg opplevde ting, ikkje var unaturleg.»
Gruppa vert leia av Ranveig Kaldhol, diakon i Ulstein, og Leidulv Ø. Grimstad, sokneprest i Hareid.
Ta kontakt med kyrkjekontora for påmelding:
Hareid: tlf. 700 95 130
e-post: leidulv.grimstad@hareid.kommune.no
Ulsteinvik: tlf. 700 17 680
e-post: rk952@kyrkja.no
Påmeldingsfrist: 26. november 2018.