Gradvis gjenopning av kyrkja i Hareid

Hareid kyrkje opnar gradvis dørene, og det er med glede at vi kan invitere til gudstenester i kyrkja, men desse må du melde deg på. Den fyrste gudstenesta blir på nasjonaldagen, 17. mai kl 1100, som allereie er fullbooka. Neste gudsteneste blir på Kvitneset Kristi Himmelfartsdag kl 1200, og så blir det kvar søndag framover.

Staben i Hareid sokn gleder seg til å gradvis få gjenopne kyrkja, og veit at mange saknar fellesskapa og dei ulike tilboda som kyrkja bidreg med i Hareid. Foto: Hareid sokn

Vi kan opne kyrkja for inntil 50 personar
forutsatt at vi følgjer kommunelegen si tilråding i høve smittevern og dei nasjonale retningslinjene. Det vil seie at vi må halde minst éin meter avstand til kvarandre. For å klare kontrollere dette, må ein melde seg på gudsteneste på førehand. Dette kan ein enten gjere ved å ringe til kyrkjekontoret (70095130), eller melde seg på digitalt på Hareid kyrkje si facebookside det blir oppretta arrangement for kvar gudsteneste. Her gjeld «først til mølla» prinsippet. Ein kan ikkje rekne med å få plass dersom ein møter opp til kyrkje utan å ha meldt seg på.

På grunn av smittevern er annankvar kyrkjebenk avstengt og salmar vil bli vist på lerret (vi kan ikkje bruke salmebøker). I dei gudstenestene det er nattverd, gjennomførast desse ståande, på ein måte som gjer at du ikkje er direkte kontakt med dei som deler ut nattverd. Kyrkjekaffi utgår i si heilheit inntil vidare.

God håndhygiene er viktig
I kyrkja står det pumper med desinfeksjon fleire plassar, vi må alle ta ansvar for god handhygiene og avgrense berøring av inventar og utstyr. Vi ønskjer at det skal vere trygt å kome i kyrkja. Dei nasjonale retningslinjene pålegg dei som har symptomer på luftvegsinfeksjonar å ikkje delta før dei er friske.

Mykje av den ordinære aktiviteten er avgrensa framover på ubestemt tid
Konfirmasjonsgudstenestene er utsett til hausten, dette har familiane fått informasjon om.
Det gjennomførast eige dåpsgudstenester, vigsler og gravferd, som inntil vidare vert haldne med næraste familie til stades. Også her med inntil 50 personar tilstades. Inntil 50 personar gjeld også utandørs ved grava i høve gravferder. Ein veit ikkje kva tid ein kan kome tilbake til det som var før pandemien.

Direktesending
Gudstenestane frå kyrkja vil bli direktesendt på Facebooksida til Hareid kyrkje og etter kvart på heimesida, for dei som ønskjer å følgje oss der.

Kyrkjekontoret er stengt for besøkande, men du kan ta kontakt likevel
Telefon: 70095130
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Dette er staben i Hareid sokn

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"