Ledig stilling - Bli med på laget!

Hareid sokn vil vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Til det trengs det arbeidarar som viser veg, enten det er på gravplassen eller inne i kyrkja. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet. Kvar har sine arbeidsoppgåver,- opne graver, klippe gras, forkynne ordet, spele instrument, organisere, men målet er det same; gi retning på trusvegen for folk.

Staben i Hareid sokn: I samspel med kvarandre har vi varierte og spennande arbeidsdagar i ein aktiv kyrkjelyd. Vi er også velsigna med mange frivillige i Hareid, som også er med på laget!

Då vår noverande kyrkjegardsarbeidar snart går av med pensjon, søkjer vi etter kyrkjetenar- & kyrkjegardsarbeidar i 60% fast stilling (med moglegheit for 40 % vikariat i tillegg)

Hareid sokn er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Kyrkja med tilknytt kyrkjegard ligg i sentrum av Hareid. Staben held til i lokale like ved kyrkja, og kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar har kontor knytt til driftsbygget på kyrkjegarden. Ein vil kome til ein erfaren stab sett saman av sokneprest, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydspedagog, sekretær/medarbeidar i trusopplæringa, kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidarar og dagleg leiar for Frivilligsentralen. Hareid sokn eig og driv Frivilligsentralen som har eit omfattande arbeid i bygda med bl.a. ein godt innarbeidd bruktbutikk, og bidreg med eit viktig sosialt entreprenørskap.

Hausten 2019 fekk soknet eiga kyrkjelydshus, som ligg sentralt plassert midt mellom kyrkjekontoret og kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige. Hausten 2021 startar arbeidet med tilbygg for kyrkjekontor på kyrkjelydshuset, slik at alt blir samla under eit tak.


Vi søkjer etter ein person med:

  • relevant kompetanse eller yrkeserfaring
  • evne til å arbeide sjølvstendig og fleksibelt
  • evne til å kommunisere godt med brukarar av kyrkja og kyrkjegarden
  • anlegg for praktisk arbeid
  • gode samarbeidsevner

Arbeidsoppgåver:

  • teknisk/praktisk førebuing og gjennomføring av gudstenester, gravferder og vigsler
  • reinhald og vedlikehald i kyrkja og andre eksisterande bygg
  • ajourføring av gravprotokoll og gravkart
  • yte service til dei som nyttar kyrkja og kyrkjegarden
  • nødvendig stell og vedlikehald av kyrkjegarden inkl. maskiner, reiskapar og bygningar
  • søkjar må rekne med noko kvelds og helgearbeid

Vilkår:

  • løn og arbeidsvilkår etter avtale
  • pensjonsordning i KLP
  • tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtalar og gjeldande regelverk
  • førarkort klasse BE, det er ønskjeleg med maskinførarbevis for gravemaskin og disponere eigen bil
  • medlemskap i Den norske kyrkja
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest
  • opplæring vil bli gitt

Søknadsfrist: 23. februar 2021

Kontakt: Kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog, tlf. 70 09 51 30 for meir informasjon.

Søknad med CV kan sendast pr. e-post til: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Hareid kyrkje er frå 1877 og ligg i Hareid sentrum med ein utvida og ny kyrkjegard ved kyrkja. Dei siste to åra har kyrkja blitt betre tilrettelagt for dagens aktivitetar i høve ei større renovering av kyrkja, med nytt golv og varmesystem, oppgradering av teknisk anlegg for videooverføringar, oppgradert alarm og sprinkleranlegg, fått eiga vaskerom, nytt universelt toalett og ny kjøkkenkrok i dåpssakristi. Kyrkja er dagleg i bruk til ulike grupper og er godt forankra i bygda. Det er vanlegvis gudsteneste kvar søndag. Hareid sokn har gjennom fleire år bygd opp eit mangfaldig trusopplæringstilbod som no omfattar aldersgruppa 0-18 år.

Hareid kommune, som er samanfallande geografisk med Hareid sokn, har om lag 5200 innbyggarar, fordelt i fire krinsar. Kommunen ligg på øya Hareidlandet like sør for Ålesund, og har fine turområde med fjell og sjø lett tilgjengeleg. Kommunen har eit godt utbygd servicetilbod og eit aktivt kulturliv, der m.a. idrett, korps og korsong står sentralt. Frå Hareid sentrum er det gode båt- og ferjesamband nordover til Ålesundsområdet, der også Ålesund lufthamn Vigra ligg. Det tek 40 minutt med hurtigbåt og buss til Vigra, og til Ørsta-Volda lufthamn Hovden tek det 40 minutt med bil. Hareid kommune ligg sentralt plassert i regionen.

 

Du finn oss på Instagram og på Facebook (Hareid kyrkje)

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"