Dei daglege oppgåvene på eit kyrkjekontor er mange og varierte. Vanlege oppgåver kan vere registrering av kyrkjelege handlingar og statistikk, fakturering og bilagsføring, utleige og tilsyn kyrkjelydshus, innkjøp av materiell, dagleg kontakt med publikum og frivillige medarbeidarar, svare på telefon og e-post med meir. Må ha evne til å ha «mange baller i lufta». Kontormedarbeidaren er ein nøkkelperson på kyrkjekontoret og har kyrkjeverja som sin næraste overordna.
Vi tilbyr:
· Samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø
· Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige
· Nybygd, lyse og moderne kontorlokaler
· Løn etter gjeldande tariff
· Pensjonsordning i KLP
Kvalifikasjonar:
· Gode kunnskapar og ferdigheiter innan data, relevant utdanning og/eller erfaring, samt god munnleg og skriftleg kommunikasjon
· Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag
· Den som vert tilsett er underlagt teieplikt
· Interesse og erfaring frå bruk av sosiale media og andre kommunikasjonskanalar
· Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personleg eigenskapar:
· Venleg og imøtekomande
· Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· Ha evne til å arbeide sjølvstending og strukturert
· Personlege eigenskapar vert vektlagt
· Dersom søkjaren i tillegg har anna kompetanse som kan vere relevant for arbeid i kyrkjelyden er søkjaren velkomen til å omtale dette i søknaden
Nærare opplysningar får du ved å kontakte kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog tlf. 97612086.
Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.
Søknad med CV, og referansar sendast til kyrkjeverja@hareid.kommune.no
Attestar og vitnemål må takast med til eit eventuelt intervju. Det vert krevd politiattest av ny dato ved tilsetting.
Ønskjeleg tiltreding: Snarast
Klikk her for å bli litt betre kjent med vårt arbeid - Årsmelding Hareid sokn 2023
Faktaboks: Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår.
Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året. Hausten 2019 overtok soknet bedehuset til kyrkjelydshus, sentralt plassert i sentrum av Hareid og like ved kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige, og ikkje minst skapast det ulike møteplassar her. Og i november 2022 flytta vi inn i heilt nytt tilbygg for kyrkjekontor, så no er både kyrkjekontor, kyrkjelydshus og frivilligsentralen vår under same tak. Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 7 tilsette. Ein av dei fulltidstilsette er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv. I tillegg til dei tilsette er mange personar frivillig engasjert i alle aktivitetane som skjer i soknet. Meir informasjon om oss finn du på nettsida vår: Hareid sokn - Hareid Sokn (kyrkja.no) |