Ved døypefonten gjev kyrkja eit løfte om å støtte borna på trusvegen. Dette gjer vi ved å tilby undervisning på ulike alderstrinn.
Klikk her for å melde dåp: https://hareid.medarbeideren.no/
Tidlegare var det skulen og frivillige som sto for opplæringa saman med foreldre og fadrar, og kyrkja gav den siste oppfølginga med konfirmasjonen.
Skulen skal framleis gi kunnskap om vår kristne arv og tradisjon, men har ikkje lenger ansvar som trusformidlar. Foreldre og fadrar er barnet sine medvandrarar og vegvisarar på trusvegen. No er det kyrkja som skal gje eit systematisk tilbod for alle fram til dei er 18 år. Staten har løyvd pengar til at dette no skal innførast i heile landet.
Når tida for undervisning er der, vil kvar enkelt få invitasjon med skriftleg informasjon om tilbodet.
Hareid kyrkjelyd ynskjer å legge til rette for at alle kan vere delaktige og kjenne seg verdsette. Borna kan ha ulike behov for tilrettelegging. Er det noko vi må ta særskilt
omsyn til for at barnet dykkar skal ha best mogleg utbytte av samlingane, ber vi om at de tek kontakt med kyrkjekontoret.
Her kan du sjå dei ulike trusopplæringstilboda i Hareid frå 0-18 år:
https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/trusopplaring/
Velkomen!