Vi ønskjer velkomen til den nye soknepresten

Lars Hartig-Tangedal (53) har sin fyrste arbeidsdag som sokneprest i Hareid i dag 3. juni. Den nye soknepresten og kona Ulrike Hartig-Tangedal har kjøpt seg hus på Hareid og flytter til Hareid i løpet av juni. Lars si fyrste gudsteneste blir 9. juni, og innsettingsgudstenesta blir jonsok 23. juni kl 11.00 på Hareid bedehus, siden kyrkja renoverast. Velkomen til vår nye sokneprest, og vi ønskjer ekteparet Hartig-Tangedal hjarteleg velkomen til vår kyrkje og kyrkjelyd.

Lars gleder seg til å kome på plass og til å møte kyrkjelyden i Hareid.

Dei fyrste dagane vil gå til å gjere seg kjent med både stab og arbeidsoppgåver som sokneprest. Han har ein møteplan der både omvisninger, møter med folk og institusjonar ligg føre ham.

POST UNDER "OPPLEV HAREID"
Ein vil bli betre kjent med Lars i ein programpost under «Opplev Hareid» 19. juni på Hareid bedehus, i regi av Hareid kyrkjeakademi. Sett av dato, dette bør du få med deg.
Førre helg hadde vi avskilsgudsteneste og fest for Leidulv Ø. Grimstad som no har gått av med pensjon. Vi takkar Leidulv for hans gode tenestetid i Hareid og lukke til som pensjonist.

FLYTTAR FRÅ SKJÆRHALDEN TIL HAREID
Lars har budd i Skjærhalden i Hvaler kommune i Østfold, der han sist jobba som kyrkjeverje/dagleg leiar i Hvaler kyrkjelege fellesråd. Han har og lang fartstid som prest, då han var ferdig utdanna teolog i 1995 og har vore prest på Hitra, i Øvre Eiker og i Onsøy i Fredrikstad. Lars gifta seg i vår med Ulrike Hartig-Tangedal og dei har no kjøpt seg hus på Hareid og flytter hit i løpet av juni.

TILSETTINGA
Møre bispedømeråd vedtok 8. februar å tilby stillinga til Lars Hartig-Tangedal. Møre bispedømeråd hadde 3 kandidatar å velje mellom til denne stillinga, noko som er sjeldan sidan prestemangelen for tida er stor rundt i landet.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"