Sjølv om vi er inne i ei spesiell tid og ikkje kan samlast tett i større grupper, ønskjer vi i kontrollerte former å ha dugnad på kyrkjegarden. Kyrkje- og kyrkjegardsutvalet inviterer difor til vår-dugnad på kyrkjegarden, laurdag formiddag 9. mai kl 10.00.
Bildet er frå 2019, då vi inviterte til vårdugnad på kyrkjegarden. Håper fleire kan kome å hjelpe oss med vårdugnaden.
Likar du å rydde og stelle i hage eller vere ute i frisk luft? Vi blir glad for å få hjelp på den store kyrkjegarden vår. Det er mykje som skal ryddast og stellast om våren, og vi blir glad for all hjelp vi kan få. Vi treng hjelp til å rake lauv, klippe småbusker, luke ugras, alt som veks treng stell.
Ta med eiga utstyr som: Arbeidshanskar, gjerne hekksaks, ugras-spade, grafse, rive og merk utstyret ditt med namn.
Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret, slik at vi kan skrive deg på deltakarlista. Vi skal utføre arbeidet i kontrollerte former og vil forholde oss til både lokale og FHI sine anbefalingar i høve dei spesielle tilhøva vi er inne i.
Håper vi sjåast!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert