Vil du bli vaksenleiar i Hareid Ten Sing?

Hareid KFUK – KFUM ser etter vaksenleiar i 20 prosent stilling til ungdommane i Hareid Ten Sing.

Hareid Ten Sing har eiga band og øver ein gong i veka på Hareid bedehus. Foto: Andrea Ø. Sæverud

Hareid KFUK – KFUM ser etter vaksenleiar i 20 prosent stilling til ungdommane i Hareid Ten Sing. Arbeidstida vil vere ein øvingskveld i veka, i tillegg til enkelte helgar. Stillinga tilsvarer ikkje dirigent, då ein av ungdommane tek seg av den oppgåva.

Arbeidsoppgåvene vil bli organisering og gjennomføring av øvingar, turar og arrangement, i tillegg til å vere ei støtte for ungdommane i stort og smått.

Den vi ser etter er:

  • Flink til å få kontakt med ungdommar.
  • God til å sjå den enkelte.
  • Strukturert og engasjert.
  • Stødig å snakke med om tru og tvil
  • Gjerne musikalsk

Vaksenleiaren må kunne identifisere seg med KFUK-KFUM og verdiane til kyrkjelyden. 

Interesserte kan få fleire opplysningar frå:
Guro Topphol, som har hatt stillinga det siste året, (mob 48 10 09 82)
Eller sende søknad med CV til leiaren i Hareid KFUK-KFUM Anne-Marie Saunes Overå: amarios.a@hotmail.com

Stillinga er finansiert gjennom ei givarteneste frå medlemmane i Hareid KFUK – KFUM. Hareid kyrkje har arbeidsgivaransvaret.

Søknadsfrist: snarast

Vi ser fram til å høyre frå deg!



 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"