No er valresultat for det nye soknerådet 2023-2027 klart!

No er kyrkjevalet 2023 ferdig og resultata er klare. Kyrkjelyden sine medlemmer har røysta fram det nye soknerådet for perioden 2023-2027, der det er 8 faste medlemmar og 5 vara. Vi gleder oss til å ta imot det nye soknerådet og samhandle til det beste for innbyggjarane i kommunen vår. Vi takkar alle som har vore med å gitt si røyst i kyrkjevalet 2023 - og ønskjer det nye soknerådet velkomen!

No er valresultat for det nye soknerådet 2023-2027 klart!

Ved kyrkjevalet i Hareid har følgjande åtte personar blitt valt inn i Hareid sokneråd for perioden 2023-2027 med følgande rangering:
1. Stein Bernhard Karstensen (1954)
2. Leidulv Hareide (1953)
3. Karsten Robert Kirkebø (1974)
4. Sissel Anita Riise (1969)
5. Sissel Janka Knardal (1975)
6. Elisabeth Øvrelid (1970)
7. Elling Bjåstad (1973)
8. Marit Johanne Øien Sæverud (1957)

Og som varamedlemar er det følgjande fem personar med denne rangeringa:
1. Anne Liv Holstad (2000) (1. vara har møteplikt i soknerådsmøta)
2. Birte Kristine Mork Fure (1996)
3. Aud Helen Tjervåg Øvrelid (1995)
4. Vibeke Rafteseth (1981)
5. Marita Husøy Mork (1976)

Soknerådet er kyrkja sitt «styre» og representerer alle medlemmane innanfor kyrkjelyden. Det er summen av det lokale engasjementet som tel og eit breitt samansett sokneråd er såleis viktig for at alle skal kunne finne sin plass i kyrkja.

Om valet 2023
Ved soknerådsvalet i år var det 16 % (496 personar) som røysta. Totalt for både soknerådsvalet og bispedømevalet var det 16 % (497 personar) som røysta. 
Prosentvis fordeling på krinsane var for Hjørungavåg 16 %, Bigset 11 %, Hareid 11 % og Brandal 31 %. 6 av dei som stemte var under 18 år og 10,8 % hadde førehandsrøysta enten digitalt eller fysisk på kyrkjekontoret, på Hadartun eller i høve gudsteneste.

Saman med val av sokneråd vart det også valt nytt bispedømeråd i Møre bispedøme. Stemmesetlane til bispedømet er sendt vidare til bispekontoret i Molde for oppteljing der, og resultata vil bli presentert frå bispedømet.

Sokneråd
Soknerådet er det øvste organ i Hareid sokn, der sokneprest er fast medlem i soknerådet og kyrkjeverja er sekretær. Medlemmane vert valde for fire år. Det nye soknerådet trer etter regelverket  i kraft frå 1. november 2023. 

Vi ønskjer det nye soknerådet velkomen og alt godt for den oppgåva de er valt til!
Velkomen og lukke til!

 

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"