Heidi-Beate skal vere med å styrke kyrkja sitt arbeid blant barn og unge, og startar i første omgang i 30 % stilling, der delar av stillinga blir linka opp mot Hareid TenSing. Stillinga som kyrkjelydspedagog blir i kombinasjon med deltidsstilling som lærar på Hareid skule.
Stillinga som kyrkjelydspedagog vert i nært samarbeid med noverande kyrkjelydspedagog, som er leiande pedagog. Trusopplæringa i Hareid er godt utbygd, og kyrkjelyden fekk i si tid trusopplæringsprisen for arbeidet.
Heidi-Beate er opprinneleg frå Arendal, men har budd på Hareid i 6 år. Ho er gift og har tre barn. Av yrke er ho adjunkt og lærar. Ho har tidlegare vore frivillig vaksenleiar i ungdomsarbeid og tweensarbeid i kyrkjelyd og KRIK, og brenn for at ungdom skal kjenne tilhøyrsle og ha eit trygt fellesskap der gode verdiar er gjeldande. Elles likar ho å vere kreativ og er aktiv i handballmiljøet på Hareid og er trenar for jenter 11 år.
Oppstart i stillinga er 6. januar. Vi er glade for ein ny medarbeidar i flokken og ynskjer Heidi-Beate hjarteleg velkomen! Ta ho vel i mot.