Malin er relativt nytilflytta til Hareid, og er opprinneleg frå Hustadvika. Ho har fagbrev som barne og ungdomsarbeidar og yrkeserfaring både frå blomsterbutikk, gravferdsbyrå, barnehage og skule. Malin har sambuar, 4 barn og ei bonusdotter og straks ferdig med fødselspermisjon for Ivo på 10 månader. Fritida går sjølvsagt mykje til familie med små barn, og ho er sosial, kreativ og liker å skape ting med hendene.
Oppstart vil bli slik at opplæring kan gis av Eli-Sølvi som har verdifull og lang erfaring. Stillinga som kontormedarbeider er ein nøkkelrolle i staben på kyrkjekontoret. Vi gleder oss til å bli betre kjent med Malin og få ho med på laget i kyrkjelyden vår.