Vi feirar med DØGNOPA KYRKJE i Hareid - Møre bispedøme er 40 år i 2023

Vi feirar at Møre bispedøme er 40 år - med DØGNOPA kyrkje i Hareid frå laurdag 16. september kl 12.00 - til søndag 17. september kl 13.00. Hareid sokn sine underutval bidreg med spennande og kjekke programpostar ilag med både staben og frivillige. Du kan attpåtil få overnatte i kyrkja om ønskjeleg. Vi har tru på at dette blir eit kjekt døgn i kyrkja vår på Hareid.

Velkomen til døgnopa kyrkje i Hareid laurdag 16.- søndag 17. september. Foto: Andreas Bjerknes/Vikebladet Vestposten

I 2023 fyller Møre bispedøme 40 år. Møre er det yngste bispedømmet i Den norske kyrkja. Men sjølv om bispedømet er ungt, høyrer grunnlaget og andsarven i dette bispedømet til dei eldste og viktigaste røtene for kristen tru i Noreg.

Kyrkja har hatt ein sentral rolle i alle bygder og byar i Møre og Romsdal gjennom tusen år. Ikkje minst har kyrkja hatt ei avgjerande betydning for menneskes liv, i glede og i sorg. 40-årsjubileet gir oss eit høve til å synleggjere lokalkyrkja og noko av alt det fantastiske arbeidet som skjer i alle lokalsamfunn i bispedømmet vårt.

PROGRAMMET FOR OPA KYRKJE I HAREID
LAURDAG TIL SØNDAG 16. - 17. SEPTEMBER 2023
Ope for alle - gratis!

LAURDAG 16/9:
kl. 12.00: 4-åringar øver til gudstenesta søndag der dei skal få utdelt 4-årsboka
kl. 13.00: Sporløp for heile familien på kyrkjegarden
kl. 14.30: Omvisning i kyrkja og prestestova v/Bjørg Vartdal Hareide
kl. 16.30: Presentasjon av den nye historieboka til Hareid historielag "Himmel over bygda" v/historielaget, Leidulv Ø. Grimstad og forfattar Asle Geir Widnes Johansen
kl. 18.30: Kveldstonar frå Hareid kyrkje v/Barnekantoriet, Daniel Eide Moltumyr og musikk/song ved Musikklaget Melshorn
kl. 20.00: Kveldskafe
kl. 20.30: Filmkveld der filmen "The Shack" visast (passar for ungdom og vaksne)
kl. 22.30: Kveldsbøn med musikk/songinnslag
            Overnatting i kyrkja for dei som vil (ta med sovepose, pute og underlag)

SØNDAG 17/9:
kl. 09.00: Frukost for dei som har overnatta
kl. 11.00: Gudsteneste med utdeling av "Mi kyrkjebok" for 4-åringar v/Barbro Landmark
kl. 12.00: Kyrkjekaffi (bak i kyrkja eller ute på kyrkjebakken viss godt ver)

 

Historisk
Møre bispedøme blei oppretta i 1983, då det blei skilt ut frå Nidaros bispedømme og Bjørgvin bispedømme. Møre bispedøme omfattar Møre og Romsdal fylke.

Bispedøme er delt i seks prosti, 25 kyrkjelege fellesråd og 95 sokn/kyrkjelydar. Talet på kyrkjemedlemmer (2021) er 202 644, som svarar til 76 prosent av befolkninga. Bispesetet er Molde.

Den første biskopen var Ole Nordhaug (1983-1991), etterfølgd av Odd Bondevik (1991–2008). Biskop frå 2008 er Ingeborg Synøve Midttømme.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"