Dagens ord fra Bibelen

Job 19,21–27

21 Spar meg, ja, spar meg, vener! For Guds hand har rørt ved meg. 22 Kvifor jagar de meg slik også Gud gjer? Blir de aldri mette av mitt kjøt? 23 Om berre mine ord vart skrivne ned, om dei vart innførte i ein bokrull, 24 forma med griffel av jern og med bly, rissa i stein for alltid! 25 Eg veit at min utløysar lever. Som den siste skal han stå fram i støvet. 26 Når huda er riven av meg og kjøtet er borte, skal eg sjå Gud. 27 Mine auge ser, det er eg som får sjå han, ikkje ein framand. Mitt indre fortærest av lengsel!